Hopp til innhold

Støttedemonstrasjonar for valdtektsoffer fleire stader i landet: – Samfunnet har vakna

Gruppevaldtektsaka i Bergen har skapt reaksjonar etter frifinninga av dei tre tiltalte. Torsdag er det støttedemonstrasjonar for valdtektsoffer fleire stader i landet.

Demonstrasjon til støtte for valdtektsoffer i Bergen

Om lag 2000 møtte opp for å vise sin støtte til valdtektsoffer og høyre appellar ved Lille Lunggårdsvann i Bergen torsdag.

Foto: AGNIESZKA IWANSKA / NRK

Om lag 2000 personar møtte opp ved Lille Lunggårdsvann i Bergen for å vise sin støtte til valdtektsoffer i kveld.

Demonstrasjon bergen

Tallrikt oppmøte til støttemarkering ved Lille Lunggårdsvann torsdag.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Eg føler vi har fått ei vekking siste året som har gått, der samfunnet har vakna litt og sett at vi har eit stort problem, seier Liselinn Woll Kampenes.

Ho er ein initiativtakarane til markeringa i Bergen, som har fått tittelen «Vi trur deg».

 Demonstrasjon bergen

Karoline Loddengaard, Veronica Bratseth og Liselinn Woll Kampenes er initiativtakarar til demonstrasjonen i Bergen.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Demonstrasjonen kjem ei knapp veke etter at tre menn blei frifunne i den såkalla gruppevaldtektssaka i Bergen.

Engasjementet har vore stort, fortel Karoline Loddengaard.

– Engasjementet er over all forventning. Det er så fint å sjå at så mange engasjerer seg og har lyst å vise alle ofre at me er her for dei.

Demonstrasjon bergen
"Berre ja er ja" står det på ein plakat frå demonstrasjonen i Bergen.
Mange frammøtte ved støttemarkeringa for valdtektsoffer i Bergen
Demonstrasjon til støtte for valdtektsoffer i Bergen
demonstrasjon Bergen
Demonstrasjon til støtte for valdtektsoffer i Bergen

Woll Kampenes understrekar at demonstrasjonen ikkje kjem på grunn av den omtalte gruppevaldtektssaka, men heller meir på generelt grunnlag:

– Denne markeringa er for alle offer.

Ein professor i kriminologi trur merksemda saka har fått kan skape frykt for å melde valdtekter.

Etter frifinninga har også eit snapchatbilete som forsvarar Elden meiner er manipulert blitt spreidd.

Les også Snapchat-bilete av valdtektsfrikjend blir spreidd: Forsvarar meiner det er manipulert

John Christian Elden

– Skummel trend

Tidlegare har saka nærast gått viralt etter at personar blei melde for å ha spreidd namna på dei tiltalte på sosiale medium. Også artisten Kamelen har vedtatt ei bot for å ha filma og delt ein video av ein av dei no frikjende mennene.

Woll Kampenes fortel at bakgrunnen for demonstrasjonen var det store engasjementet dei såg i kommentarfelta.

Demonstrasjon bergen
Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Me har sett i kommentarfelt den siste tida at det har vore eit stort behov for familie og vener som kjenner valdtektsoffer å få lov å vise sin støtte. Då tenkte me at det er klart at me kan lage det arrangementet.

Ho legg til at ho ser ein annan, skummel trend i kommentarfelta.

– Folk skriv at det ikkje er vits å melde om noko skjer med deg. Då er det fritt vilt. Det er klart ein er nøydd å melde, for viss ikkje får me ikkje gjort noko.

Demonstrasjonar i fleire norske byar

Woll Kampenes fortel engasjementet for saka har spreidd seg som eld i tørt gras, òg utføre Bergen sine bygrenser.

– Det er laga arrangement i Oslo, Trondheim, Kristiansand og til og med Harstad. Eg ser at vi kanskje har treft ei nerve.

I Kristiansand var det demonstrasjon tidlegare i dag.

Demonstrasjon i Kristiansand
Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

Bland dei som møtte der var Ebba Gjerstad og Mia Green.

Når nokon tar tak i dette, synest eg det er viktig å stille opp for det som er riktig i samfunnet. Eg synest det er kjempeflott at folk stiller opp, seier Green.

Ebba Gjerstad og Mia Green

Ebba Gjerstad og Mia Green var til stades på demonstrasjonen i Kristiansand torsdag.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

– Det blir snakka mykje om ein samtykkelov. Kva tenkjer de om det?

– Eg tenker det er heilt naudsynt fordi det er alt for mange gråsoner no. Alle kjenner nokon som har blitt valdteke, men ingen kjenner nokon som har valdteke. Det er ein gråsone i loven som må fjernast. Det er berre ja som er ja, seier Gjerstad.

Saker blir lagt vekk

Nesten ein av fem kvinner rapporterer at dei har blitt valdtatt (14 prosent) eller har opplevd seksuelle overgrep (18 prosent). Dette talet har nesten dobla seg dei siste ti åra.

Dette ifølge ein rapport frå Nasjonalt Kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) frå 2023.

Over 80 prosent av valdtekter som blir melde til politiet blir lagt vekk. Berre ein av ti valdtektssaker endar med fellande dom. Det skriv overgrep.no.

Woll Kampenes seier fleire har kontakta arrangørane og sagt at sakene deira blir lagt vekk av politiet

– Når dei blir lagt vekk føler dei at dei ikkje kan snakke om det meir, fordi det som skjedde ikkje var gale nok, seier ho.

– At ei sak blir lagt vekk på bevisets stilling betyr ikkje at du ikkje har blitt trudd. Det er den bodskapen vi vil ut med, at «vi trur deg».