Hopp til innhold

Tusen brot på overtidsreglane

Det var over tusen brot på overtidsreglane i Helse Nordmøre og Romsdal i fjor. Det viser ein ny rapport frå helse Midt-Norge.

Molde sjukehus

Sjukehusa i Molde og i Kristiansund braut reglane for overtid over tusen gongar i fjor

Foto: Arkiv. / NRK

Sveinung Aune

Sveinung Aune trur det er omfattande brot på overtidsreglane i alle sjukehusa i fylket.

Foto: Helse Midt-Norge

Organisasjonssdirektør Sveinung Aune trur dette er det generelle biletet for dei fleste helseforetaka i Helse Midt.

- Vi har ikkje fullstendig oversikt over foretaka endå, men det vi kan sjå er at det er omfattande brot på overtidsreglane.

På grunn av tidlegare avsløringar i helsevesenet om brot på overtidsreglane, har Helse Midt-Norge no bede alle helseforetaka om å sende inn rapportar om overtidsbruk.

Vil ha byråkratstyrte sjukehus

- Ikkje oppløftande

Helse Nordmøre og Romsdal sin rapport er klar, men resultatet er ikkje oppløftande. Her vart det rapportert inn eitt tusen brot i løpet av fjoråret.

- Det er veldig alvorleg at vi ikkje driv i samsvar med lova, seier Aune.

No skal dei begynne arbeidet som skal hindre at slike lovbrot skjer i framtida.

- Noko av det vi må gjere er å lage gode system som gir automatisk varsling ved brot på reglane. Vi har dette på somme område også i dag, men vi har ikkje fullstendig oversikt.

Sveinung Aune seier det må vere eit klart mål å få bort alle lovbrot.

- Noko anna er ikkje akseptabelt, og i løpet av eit år må vi ha alt dette på plass.