Hopp til innhold

Amandus (17) bekymra for å smitte besteforeldra når samfunnet opnar igjen

17-åringen sparer på klemmane når han besøker besteforeldra. Eldreombodet ber styresmaktene sørge for svar på kor lenge effekten av dose 3 varer.

Amandus Tømmerdal

Amandus Tømmerdal er redd for å smitte besteforeldra sine. Bjørg og Svein Tømmerdal er glade for at han tek omsyn.

Foto: Remi Sagen / NRK

17 år gamle Amandus Tømmerdal i Ålesund er stadig på besøk hos besteforeldra sine i same by. Men han sit ikkje lenger så nær dei og klemmane har blitt færre. 17-åringen er redd for at han skal bringe smitte inn i besteforeldre-huset.

– Det vil ikkje vere særleg hyggeleg om eg får påvist korona og nyleg har vore hos dei. Det vil vere ganske kjipt, seier han.

Begge besteforeldra blei vaksinerte i starten av desember. Dei forstår at han er bekymra for å smitte dei, og prøvar å halde avstand når barn og barnebarn er på besøk.

– Det er kjempeflott at han passar på, han er så omtenktsom, ein kjempegut, seier bestemor Bjørg Tømmerdal.

Tidlegare i dag blei det kjent at Kong Harald er sjukmeld, og at utanriksministeren er redd for at ho har smitta han.

Amandus Tømmerdal på besøk hos besteforeldra, Bjørg og Svein Tømmerdal.

Amandus Tømmerdal er på besøk hos besteforeldra, men held avstand. Det blir ikkje like mange klemmar som før.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bekymra for om vaksinen misser effekt

I nabobydelen i Ålesund sit eit anna eldre ektepar. 93 år gamle Edvard Krohn Devold var ein av dei første i Ålesund som fekk den 3. vaksinedosen mot korona tidlegare i haust. No er han og kona usikre på om det har gått så lang tid at effekten er svekka når samfunnet truleg opnar opp igjen.

– Vi er sjølvsagt bekymra dersom effekten av vaksinen vår ikkje verkar lenger, seier 82 år gamle Kristin Krohn Devold.

Ho seier det var det første ho tenkte då nyheita kom om at det kan bli store lettingar i samfunnet allereie neste veke.

Mannen hennar blei vaksinert i månadsskiftet oktober/november, ho sjølv like etter.

Kristin og Edvard Krohn Devold

Ekteparet Edvard (93) og Kristin Krohn Devold (82) ønskjer å vere sikre på at effekten av den tredje dosen framleis er intakt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Viktig å vite om vi treng nye dosar

Eldreombod Bente Lund Jacobsen ber styresmaktene sørge for svar på kor lenge effekten av dose 3 varer.

– Det er veldig viktig for alle, og eldre spesielt, å få vite om vi treng nye dosar framover, seier ho.

Ho har no bedt om eit møte med helse- og omsorgsministeren, då blir effekten av 3. dose eitt av tema ho vil ta opp. Eldreombodet har tidlegare kritisert regjeringa for tempoet i vaksineringa av dei eldre.

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen seier det er viktig å få avklart om eldre treng nye dosar no for å ha full effekt av vaksinen mot korona.

Foto: Svein Arne Orvik/Eldreombodet

FHI: – Følgjer nøye med

Folkehelseinstituttet varslar at dei vil følgje nøye med på effekten av vaksinen framover. Dei har ikkje sikre svar på kva som skjer når det har gått meir enn tre månader etter at oppfriskingsdosen blei sett. Overlege Sara Viksmoen Watle viser til ein engelsk studie som dokumenterer at svært få blir lagt inn på sjukehus med omikron dei tre første månadene.

– Det er ikkje noko som tyder på at beskyttelsen skulle falle raskt etter dette, og vi ser ikkje teikn til at eldre som har fått oppfriskingsdosen i haust har behov for ytterlegare dosar no. Dette følgjer vi nøye med på, seier ho.

Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet

Overlege Sara Viksmoen Watle seier dei følgjer nøye med på om det er nødvendig å tilby nye dosar til eldre framover.

Foto: Heiko Junge

Urolege for framtida

17-åringen går framleis på besøk til besteforeldra, og innser at den varsla opninga neste veke kan føre til større fare for smitte. Sjølv har han tenkt å unngå store festar, sprite seg og unngå for mykje nærkontakt med farmora og farfaren. Men han vil ikkje slutte å besøke dei eller gje ein klem ein sjeldan gang.

– Det er klart klokt, men dei treng jo kos og kjærleik, dei også, seier Amandus Tømmerdal.

Amandus Tømmerdal

Amandus Tømmerdal på besøk hos besteforeldra Bjørg og Svein Tømmerdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL