Hopp til innhold

Alvorlege skadar etter bilulukke

Ein mann i 60-åra som var involvert i trafikkulukka i Vanylven i ettermiddag, har fått alvorleg skadar og er overført til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Bilulykke Vanylven

I alt tre bilar var involverte i trafikkulukka i Vanylven i ettermiddag.

Foto: Kjell Brenne

Mannen var førar av den eine bilen som frontkolliderte med ein møtande bil på fylkesveg 61 mellom Åheim og Slagnes i 14-tida.

Han blei først sendt med luftambulanse til Ålesund sjukehus, og no i kveld melder AMK at han er sendt vidare til Trondheim med alvorlege skadar.

Ei kvinne i 30-årsalderen som var førar av den andre bilen i møteulukka, og som også blei sendt til Ålesund sjukehus i luftambulanse, er lettare skadd.

Til saman tre bilar og fem personar var involverte i hendinga. Medan to altså blei sendt vidare til sjukehus med luftambulanse, blei dei tre andre sendt til legevakta for sjekk.

– Ulukka skjedde då ein bil som stod og venta for å svinge av frå venstre, blei påkøyrd bakfrå. Bilen blei dermed skubba ut i motsett køyrebane og frontkolliderte med ein møtande bil, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Naudetatane med luftambulanse, politi, brannkorps og ambulanse kom til staden. Det blei store materielle skadar på bilane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL