Hopp til innhold

40 prosent av all aluminium brukt i Europa kjem frå Noreg – i Sunndal blir det sett rekord kvart år

Produksjonen av norsk aluminium går for full maskin. Tysdag kom statsministeren på besøk til Hydro Aluminium i Sunndal.

Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Hydro Aluminium i Sunndal

Statsminister Jonas Gahr Støre blei oppdatert på utviklinga ved Hydro Aluminium i Sunndal og var imponert over det han fekk sjå.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi har hatt nokre år med høge kraftprisar i Europa. Samstundes har vi køyrd for fullt her i Sunndal. Utgangspunktet her er at vi har tiår med lang erfaring som gir resultat.

Den nye konserndirektøren i Hydro Aluminium, Hanne Simensen, er stolt over det dei har fått til ved fabrikken på Sunndalsøra. Det har berre gått ein veg, og det er oppover.

I 2023 blei det sett ny produksjonsrekord. Det skjer i ein situasjon der mange av aluminiumsprodusentane i Europa møter veggen på grunn av dei høge kraftprisane.

Norsk Hydro har blitt ein partnar som Europa gjerne vil ha. 40 prosent av all aluminium brukt i Europa kjem frå Noreg. Og fabrikken på Sunndalsøra spelar ei viktig rolle.

– Det handlar om at vi bruker den kompetansen vi har. Dette er måten vi jobbar på fordi vi heile tida ønskjer å bli betre, ved å auke produksjonen, få ned fotavtrykket på CO₂ og levere med høg kvalitet.

Konserndirektør Hanne Simensen i Hydro Aluminium er stolt over fabrikken på Sunndalsøra.

Konserndirektør Hanne Simensen i Hydro Aluminium roser innsatsen ved fabrikken på Sunndalsøra.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Flaggskip

Tysdag kom statsministeren på besøk til Hydro Aluminium i Sunndal. Og Jonas Gahr Støre var imponert over det han fekk sjå.

– Dette er eit flaggskip i norsk industri. Her skjer det heile tida teknologiske forbetringar som vi ønskjer å støtte opp under.

Les også Regnet som miljøversting – nå skal dei bidra til å redusere klimautslepp

Ku i Sunndal

Men det handlar ikkje berre om auka produksjonen ved fabrikken på Sunndalsøra.

Gjennom innsatsen frå operatørane på fabrikken og gjenbruk av skrap har CO2-utsleppa blitt kraftig redusert. Her blir det også satsa på biogass.

– Eg trur Hydro ligg langt framme på dette feltet, og det skal vi heie på. Det er mange av våre ordningar som vi må tilpasse slik at vi støttar opp under den industrien, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre besøker Hydro Aluminium i Sunndal

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner Hydro Aluminium er eit flaggskip i norsk industri.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Føreseielegheit ekstremt viktig

I mars kom det ein ny avtale om kompensasjon for CO₂ som sikrar Hydro 3 milliardar kroner i 2024. Vasskrafta har gitt Hydro Aluminium eit stort fortrinn.

Men skal ein halde oppe produksjonen i framtida er ein avhengig av framtidig satsing. Og frå Hydro Aluminium sin fabrikk i Sunndal kjem det klåre signal.

– Vi er veldig glade frå at vi har fått CO2-kompensasjonen på plass. Men det er ekstremt viktig at vi får føreseielegheit på kraft og netta, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.