Hopp til innhold

«Gedigen mjølkeku» kostar 7 milliardar kroner i året

Milliardoverføringar frå staten held liv i norske industrisamfunn. Fleire spør seg om prisen er for høg.

Sunndalsøra

SUNNDALSØRA: Norske industribedrifter får milliardoverføringar berre for å eksistere. I haust skal Stortinget vedta kva meir dei skal gjere.

Foto: Norsk Hydro

CO₂ i atmosfæren
425,5 ppm
1,5-gradersmålet
+1,17 °C
Les mer  om klima

Ja, ordninga kan verke raus. Men utan desse pengane hadde titusenvis av norske arbeidsplassar i distriktet blitt raderte ut, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Slik det fungerer i dag har ordninga blitt ei gedigen mjølkeku for Hydro, seier Lars Haltbrekken (SV).

Vi skal tilbake til usemja, men først eitt steg tilbake:

Sidan 1917 har røyken stige frå metallverket i Høyanger.

I selskap med Odda, Sauda, Årdal, Sunndalsøra og andre «kraft-paradis» er bygda i Sognefjorden ein del av den norske ikonografien:

Små gjenstridige industrisamfunn bygd på vilje og hardt arbeid, og naturlege føresetnader:

Nesten kvar dag stiller himmelen si harpe på skrå og lèt vatnet skylje ned på fjella rundt industribygdene.

Regn som i sin tur blir til den viktigaste innsatsfaktoren: rimeleg og fornybar vasskraft.

Sunndalsøra

Om lag 50 prosent av europeisk aluminiumproduksjon er stengt ned sidan oktober 2021.

Foto: Sunndal næringspark

Men verda har blitt ein mindre stad, og konkurransen hardare.

For å hindre at industrien flyttar til lågkostland med slappare miljøkrav blir Hydro, Elkem, Alcoa og andre industribedrifter kvart år «kompensert» for å bli verande i Noreg.

Dette blir kalla CO2-kompensasjon (sjå faktaboks) og har brei politisk støtte på Stortinget.

Kostnadsutviklinga gjer likevel at fleire spør seg om ordninga kostar meir enn ho smaker.

  • Odda

    På byrjinga av 1900-talet vart det etablert eit knippe industrisamfunn som vart pilegrimsmål for kraftsosialistar verda over: Årdal, Rjukan, Ålvik, Glomfjord, Sauda og Tyssedal. For å nemne nokre av dei.

  • Høyanger kommune

    Høyanger

  • Odda

    Odda

  • Årdal

    Årdal

3 milliardar kroner inn på konto

For litt sidan tikka 2.973.261.571 kroner inn på kontoen til Hydro.

Avsendar var Klima- og miljødepartementet, som måtte justere opp overføringane etter at EU utvida ordninga til å omfatte verksemder som produserer eigenkraft.

I Hydro sitt tilfelle betyr utvidinga ein meirgevinst på fleire milliardar kroner fram mot 2030.

Det er mykje pengar, men godt nytt for Hydro. Og derfor godt nytt for Høyanger.

Dette vil gagne alle, seier ordførar Petter Sortland.

Petter Sortland

– Vi er den kommunen i landet som er mest avhengig av Hydro, seier Sortland.

Foto: NRK

I meir enn hundre år har fabrikken sett ramma og tonen for heile bygda.

Talet på barnefødslar og giftarmål har følgt konjunkturane til aluminiumprisen, og skiftenøklar har gått frå far til son til soneson.

Eller som eit gammalt ordtak seier: «Når Hydro hostar, harkar Høyanger».

Og dei siste åra har det vore ruskete i halsen til begge to.

Råvaremarknaden fekk ein knekk under pandemien; kommunen hamna på Robek-lista; og fødselstala stupte.

I juni fekk begge ein opptur da klima- og miljøminister ​​Andreas Bjelland Eriksen (Ap) spanderte 83 millionar kroner på ei ny pilotordning.

Målet er at Høyanger-fabrikken skal lage den reinaste aluminiumen i verda.

  • Mercedes-Benz og Hydro i Årdal

    Mercedes-Benz og Hydro i Årdal har avtalt at sistnemnde skal levere resirkulert aluminium til fleire av deira bilmodeller.

  • dP1778Oq0aQ
  • Ey1yIcf2cAg
  • k_ix-wVQK5M

Ikkje kødd med CO2-kompensasjonen

Grunngivinga for CO2-kompensasjonen har historisk sett vore tredelt.

Visst er det dyrt, men milliardoverføringane er:

  • God distriktspolitikk
  • God klimapolitikk (hindrar «karbonlekkasje»)
  • God næringspolitikk

I februar fekk ordninga likevel hard medfart av fagøkonomane i Finanspolitikkutvalet.

Utvalsleiar Ragnar Torvik anbefalte å skrote heile ordninga med tilvising til at ho var «enormt kostbar», «ineffektiv» og «ein trussel mot berekrafta».

Eit par månader seinare svarte regjeringa og industrien på kritikken med å bli einige om at ordninga skal ha eit årleg tak på 7 milliardar kroner, og at 40 prosent av pengane skal vere øyremerka klimatiltak og energieffektivisering.

Les også Før fekk krafta katedralar – no splitter ho landet

Tyssedal kraftverk

Forliket er eit forsøk på å svare ut det som har vore hovudinnvendingane mot ordninga:

  • At ho er altfor kostbar
  • At ho ikkje stimulerer til utsleppskutt

Vi er fornøgd med at vi blei samde, seier Frode Alfheim, som er forbundsleiar i Styrke.

Bodskapen min til Stortinget er klar: Ikkje kødd med CO2-kompensasjonen.

bS8A05_KsLg

Statsminister Jonas Gahr Støre på besøk ved Hydro Herøya i Porsgrunn.

Foto: NTB

Ordninga har blitt ei gedigen mjølkeku

Stortinget skal ta stilling til forslaget til ny ordning etter sommarferien.

Ein ringerunde til opposisjonen viser at siste ord ikkje er sagt.

Slik det fungerer i dag har ordninga blitt ei gedigen mjølkeku for Hydro, seier stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken.

Han presiserer at CO2-kompensasjonsordninga er viktig for å behalde industrien i Noreg, men at det er «heilt meiningslaust å la Hydro få så mykje pengar».

Sjå tilsvar frå Hydro under.

Sofie Marhaug i Raudt viser til at staten er blant dei største eigarane i Hydro.

Regjeringa burde brukt eigarskapen til å gi frå seg noko av kompensasjonen, seier ho.

Ho er glad for at utkastet til den nye ordninga stiller strengare krav om klimatiltak.

Det er rett og viktig å kutte dei utsleppa som framleis er i industrien.

  • Andreas Bjelland Eriksen
    Lars Tore Endresen / NRK

    Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister

    Når vi no har landa ei einigheit med partane i arbeidslivet om utforminga av ordninga fram til 2030, så ser vi at industrien her heime våger å satse. Kravet om at 40 prosent av midlane skal brukast på energi- og klimatiltak i Noreg sikrar at fellesskapen får igjen investeringar i framtidsretta arbeidsplassar over heile landet.

  • Anne Marit Post-Melbye
    Geir Anders Rørbakken Ørslien

    Anne Marit Post-Melbye, fungerande fagsjef i Zero

    Det er rett og viktig at det blir stilt klimakrav til 40 prosent av CO2-kompensasjonen. Ordninga er dyr, men skal sikre industri i Noreg og andre europeiske land med strengare og meir kostbar klimapolitikk. Klimakrava skal bidra til omstilling og at industrien held fram med å vere konkurransedyktig også på lenger sikt.

  • Maria Ekornes Myhre
    NRK

    Maria Ekornes Myhre, Elkem

    Det har ikkje vore kopling mellom ordninga og utsleppskutt, men framover skal 40% av kompensasjonen gå til klima- og energieffektivisering. Elkem har allereie den reinaste produksjonen i verda av silisium og vi har mål om netto null utslepp innan 2050. For å nå dit er det behov for rammevilkår som legg til rette for at vi kan ha ein konkurransedyktig industri samtidig som vi kuttar utslepp.

  • Sofie Marhaug
    Yann Valerievich Belov / n18575

    Sofie Marhaug, Raudt

    Raudt har heile tida vore mot at Hydro skal få kompensert for eigenprodusert kraft. Det gir lita meining. Avgjerda frå ESA er eit eksempel på uklok overstyring frå EU. Når det er sagt, så er staten ein av dei største eigarane i Hydro. Raudt meiner at regjeringa burde brukt eigarskapen til å gi frå seg noko av kompensasjonen.

  • Lars Haltbrekken, SV
    William Jobling / NRK

    Lars Haltbrekken, SV

    CO2-kompensasjonsordninga er viktig for å behalde industrien i Noreg. Men, det må også stillast krav om utsleppskutt og ENØK-tiltak hos dei som får pengane. Derfor fekk SV i fjor haust gjennomslag i budsjettforhandlingane for at det skulle komme inn slike krav i ordninga. Vi forventar nå at industrien stiller opp med langt større utsleppskutt og tiltak for å redusere straumforbruket.

  • Frode Alfheim, forbundsleiar i Styrke
    Anders Eidesvik / NRK

    Frode Alfheim, forbundsleiar i Styrke

    Dei siste to åra er det skapt stor usikkerheit rundt CO2-kompensasjonen i industrien. Vi har i lang tid jobba for å sikre føreseielegheita i ordninga. Det er eit svært omfattande politisk arbeid som har vore gjennomført av både tillitsvalde og tilsette i forbundet.

Saka er oppdatert med ei pressisering i sitatet til Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister, 17.07.24 klokka 20.30.