Hopp til innhold

Alle barnelegane til Kristiansund?

Ei faggruppe som har sett på tilbodet til sjuke barn i Helse Midt-Norge foreslår å flytte barnelegestillingar fra Molde til Kristiansund.

Kristiansund sykehus
Foto: NRK

Tanken er at det skal bli eit sterkare fagmiljø, og at det skal gi eit betre tilbod til sjuke barn i regionen.

Barneavdelinga i Helse Nordmøre og Romsdal ligg i Kristiansund, men har to av seks legestillingar lagt til Molde.

Det er desse to som blir foreslått flytta til Kristiansund.

Flere legar i Kristiansund seier dei ikkje er glade for forslaget. Dei meiner det er nok splid i foretaket frå før.

Men det finnest eit enda meir radikalt forslag: nemlig å leggje ned barneavdelinga i Kristiansund og gjere den om til poliklinikk.

Det er eit forslag som faggruppa vil trekkje fram dersom kvaliteten viser seg å ikkje være god nok etter at det første aleternativet er iverksatt.

Forslaget er no ute på høyring fram til midten av desember.