Hopp til innhold

Alexus filma Viking Sky-kaoset - no er ho klar for nytt cruise

Alexus Sheppard (67) filma stolar og bord som blei slengt rundt om bord i Viking Sky på Hustadvika i mars. Den dramatiske hendinga har likevel ikkje skremt henne frå å bestille eit nytt cruise med Viking Cruises.

Den dramatiske videoen skal være fra en Viking Sky-passasjer som venter på evakuering. (Alexus Sheppard/Twitter)

Alexus Sheppard filma kaoset om bord då Viking Sky fekk motorhavari og dreiv mot land i full storm på Hustadvika.

– Eg skal vedgå at eg var redd, seier Sheppard, til NRK.

Ho legg til at ho i dag har det bra. Sjølv om motorstansen på Hustadvika var dramatisk så er Sheppard klar på at Viking Cruises har behandla ho bra etter det som skjedde.

– Eg har det heilt fint. Eg blei ikkje skada, og har alt bestilt mitt neste cruise med Viking, seier ho.

Filma kaoset

1373 var om bord då skipet mista all motorkraft og dreiv mot dei lumske grunnene på Hustadvika i full storm. Ein storstilt redningsaksjon vart sett i gang. Om bord filma Alexus Sheppard det som hende og la ut oppdateringar undervegs på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Mange intervju

Alexus Sheppard har hatt ei travel tid med mange intervju etter havariet. Videoane ho la ut er sett mange millionar gongar, og interessa frå pressen har vore stor i etterkant.

Torstein Hagen

Styreleiar Torstein Hagen i Viking kom til Molde då Viking Sky havarerte.

Foto: Remi Sagen / NRK

Styreleiaren i Viking Ocean Cruises, Torstein Hagen, var tidleg ute med å opplyse at alle passasjerar får pengane tilbake og tilbod om nytt cruise. Alexus Sheppard har valt å takke ja til dette, medan mange av medpassasjerane hennar frå USA har gått saman om eit gruppesøksmål på 90 millionar. Sheppard har forståing for at dei ikkje nøyer seg med å takke for tilbodet.

Alexus Sheppard

Alexus Sheppard (67) frå California har ikkje tatt skrekken. No blir det elvecruise i Europa. – Vi har faktisk snakka om at det ikkje blir så store bølgjer der som i Noreg, smiler ho.

Foto: Deborah Perry / Photo Stream

– Eg veit at folk blei skada, og dei har ein legitim grunn for saka. Men eg blei ikkje skada, og vi blei behandla skikkeleg bra, så då har eg ingen grunn til å saksøke.

479 av passasjerane, mellom anna dei som måtte ha sjukehusbehandling, blei evakuerte med helikopter. Alexus Sheppard var ei av dei som framleis var om bord då skipet endeleg la til kai i Molde, over eit døgn etter at dei fekk problem.

Laster Twitter-innhold

Havarikommisjonen undersøker

Havarikommisjonen er no godt i gang med å undersøke ulykka. Dei har tolv månader på seg på å levere rapporten. Rett etter havariet konkluderte Sjøfartsdirektoratet med at lågt oljetrykk truleg var årsaka til at dei mista all motorkraft.

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Statens havarikommisjon for transport

Avdelingsdirektør Dag Liseth leiar granskinga av Viking Sky-havariet.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Men alle sider av ulykka skal granskast. Avdelingsdirektør Dag Liseth i Statens havarikommisjon for transport, seier dei har gjort mange intervju, og samla inn mykje informasjon.

– Det som er litt spesielt med denne granskinga, er at vi har eit nært samarbeid med havarikommisjonar i andre land også. Dette gjer arbeidet meir komplekst, men samtidig tilfører det kompetente og gode ressursar, seier han.

Den engeske og den amerikanske havarikommisjonen og United States Coast Guard er med på granskinga. Politiet har også oppretta undersøkingssak, men ikkje funne grunn til å opne straffesak.

Cruise i smulare farvatn

Viking Sky

Det var svært nær ei katastrofe då Viking Sky mista all motorkraft på eit av dei mest verutsette havstykka langs norskekysten.

Foto: Åse Grete Farstad

Motorhavari i full storm på eit av Noregs mest lunefulle og verutsette havstykke er ei svært dramatisk oppleving. Alexus Sheppard er likevel klar for nytt cruise med Viking.

– Vi er ikkje det minste redde for å reise ut igjen. Vi gler oss til vi skal på Europeisk elvecruise som startar i Budapest og endar i Amsterdam. Truleg vil det ikkje vere like vêrhardt der som på Hustadvika, slår ho fast.

Sheppard meiner er glad for at ulykka blir granska grundig.

– Vi har sjølve hatt båt i California i mange år, og veit at vêret skiftar raskt. Det kan ein ikkje gjere noko med. Men det er viktig å finne ut nøyaktig kvifor båten mista all motorkraft, slik at dei kan unngå at det skjer igjen.

I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

SJÅ DOKUMENTAREN OM HAVARIET: I full storm på eitt av dei mest berykta havstykka langs norskekysten mister cruiseskipet med 1300 personar om bord all motorkraft. Redningsaksjon som følgjer balanserer på kanten av kva som er mogleg for å berge skipet og passasjerar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL