Hopp til innhold
Evakuering Vigra flyplass
Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Evakuerer Vigra flyplass

Oppsummert

Flyplassen på Vigra ble evakuert etter funn av en mistenkelig pakke. Pakken viste seg senere å være ufarlig.

  • Pakken på Vigra var en fiberduk

    Pakken som stengte Ålesund lufthavn Vigra i mer enn fem timer på lørdag inneholdt en vevd, aluminiumskledd fiberduk som var rullet tett sammen. Mandag ble det gjennomført krimtekniske undersøkelser av pakken som var rundt 30 cm lang, 20 cm bred og 10 cm høy. Pakken, som utelukkende bestod av den vevde aluminiumskledde fiberduken, var holdt sammen av svart elektrikertape. – Politiet har tidligere erfart at fiberduker som dette benyttes for å omgå butikkalarmer og at de kan kobles til vinningskriminalitet, sier politiadvokat Mathias Häber.

    Pakke på Vigra
    Foto: Politiet
  • Flyplassen på Vigra er open

    Flyplassen på Vigra ved Ålesund er no opna for trafikk. Funn av ein mistenkjeleg pakke førte til at flyplassen blei stengd om lag klokka 15. Bombegruppa har undersøkt pakken. Det er førebels ikkje kjendt kva pakken inneheldt.

  • Ålesund lufthamn opnar

    Ålesund lufthamn, Vigra, kjem til å opne om lag klokka 20.25. Dette har passasjerane, som no samlar seg ved sperringane fått vite. Flyplassen har vore stengd på grunn av ein mystisk pakke. Pakken er no undersøkt av bombegruppa i politiet.

  • KLM kansellerer

    Dagens fly frå Amsterdam til Ålesund og tilbake er innstilt. Det går fram av nettsidene til KLM. Laurdag ettermiddag snudde flyet tilbake til Amsterdam då det blei klart at flyplassen på Vigra blei stengd. Senare blei avgangstidene flytta på fleire gonger. Då flyplassen ikkje var opna att om lag klokka 19.15 blei avgangane innstilte. Bildet er frå Flightradar24 og viser situasjonen då flyet snudde og gjekk tilbake til Amsterdam.

    Klm snudde
    Foto: Skjermdump / Flightradar24
  • Bombegruppa på plass

    Bombegruppa skal no undersøke pakken som har halde Ålesund lufthamn, Vigra stengd i fleire timar. Pakken har ukjendt innhald, og det er årsaka til at flyplassen er evakuert og stengd. Pakken var surra med teip og plastfolie. Ingen har meldt at dei saknar pakken.

    Evakuering Vigra flyplass
    Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Tåken lå som et lokk over Molde onsdag morgen

Siv Jensen måtte gjere vendereis

I dag ble første spadetak for nytt terminalbygg tatt på Vigra.

Byggingen er i gang på Vigra