Hopp til innhold

Aksjonerer mot helgestenging av barneavdelinga

Foreldre er i dag samla på sjukehuset i Kristiansund for å demonstrere mot helgestenging av barneavdelinga. Dei finn seg ikkje at helseføretaket skal spare pengar på den måten.

Aksjon ved barneavdelinga i Kristiansund.

Aksjon ved barneavdelinga i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Sidan oktober i fjor har barneavdelinga i Kristiansund vore stengt i helgene. Det betyr at dei som treng behandling av ein barnelege, anten må reise til Ålesund eller Trondheim.

– Ikkje forsvarleg

I dag klokka 12 starta demonstrasjonen og i minutta før samla det seg mykje folk i gangen utanfor barneavdelinga. Det er foreldra til dei som er innlagt som har tatt intitaiv til aksjonen. Dei ni romma på barneavdelinga er fulle og foreldra føler at det ikkje er forsvarleg å sende dei til andre sjukehus.

Aksjonerer mot helgestenging i Kristiansund

Astrid Wik og Selma Rundfloen er to av dei som var på demonstrasjonen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

– Foreldre fryktar at barna skal lide overlast på grunn av flytting, seier May Britt Bjerke. Ho er ei engasjert firebarnsmor som tidlegare har fått hjelp frå barneavdelinga og seier at tryggleiken ho følte betydde mykje. Til liks med andre har ho med plakat.

– Forsvarleg

Mange møtte opp for å demonstrere mot helgesteinging.

Mange møtte opp for å demonstrere mot helgesteinging.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Sverre Pettersen er ein annan som deltek i aksjonen. Han er der med tanke på barnebarna og vil ikkje finne seg i at barna på Nordmøre blir behandla slik.

– Helseføretaket må finne ein annan måte å spare pengar på, seier Sverre Pettersen.

Helse Møre og Romsdal sparer fire millionar kroner i året på helgestenginga, men seier at det er forsvarleg. Dei borna som har spesielle behov skal få forsvarleg hjelp i samarbeid med kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, har klinikksjef Ove Økland tidlegare uttalt til NRK. På grunn av møteverksemd er det ingen i Helse Møre og Romsdal som kan kommentere dagens aksjon no.

LES OGSÅ:

– Erfaringane viser at tilbodet er forsvarleg

Direktør i helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, vil ikkje oppheve helgestenginga av barneavdelinga i Kristiansund. Han meiner barna på Nordmøre får eit forsvarleg tilbod.

Han meiner at den kontinuerlege evalueringa av endringane dei gjer har vist at tilbodet er godt nok.

– Slik erfaringane våre har vore så langt så meiner vi at det er eit forsvarleg tilbod til kronisk sjuke barn.

Foreldrene til 11 år gamle Trym fra Eide er ikke fornøyd med det de har opplevd etter at barneavdelinga ved Kristiansund sykehus ble helgestengt.
Planene om helgestengt barne- og ungdomsavdeling ved sjukehuset i Kristiansund er omstridt. 
I dag møtte fleire aktørar i Kristiansund for å planlegge protestaksjonar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL