NRK Meny
Normal

Køyrde i tre timar for å få hjelp: – Fortvilt og uverdig for ein liten baby

Foreldra til den fire månader gamle Arthur Olai måtte i helga køyre i tre timar for at guten skulle få i seg næring. Dei fekk merke på kroppen at barneavdelinga i Kristiansund er helgestengd.

Linn Marita Albertsen og sønnen Arthur Olai Brevik

Linn Marita Albertsen medan ho gir sonen Arthur Olai Brevig mat gjennom sonde.

Foto: Privat

Fredag 17. oktober blei barneavdelinga ved Kristiansund sjukehus helgestengd for første gong. Mange har reagert på at ein mister dette tilbodet på Nordmøre, og i helga fekk småbarnsmora Linn Marita Albertsen frå Tingvoll kjenne på fortvilinga.

Sonen hennar Arthur Olai Brevig på fire månader er avhengig av å få mat gjennom sonde etter å ha vore plaga med sure oppstøyt og halsbrann. Ifølgje mora har han hatt store smerter og vil ikkje ete.

Arthur Olai Brevig

Arthur Olai (4 mnd.) får mat gjennom ein sonde.

Foto: Privat

Søndag måtte familien køyre i tre timar for at sonen skulle få mat.

– Eg syns det er fortvilt og uverdig for ein liten baby, seier mora.

Får næring i sonde

For ein månad sidan begynte han å ete mindre, og blei etter kvart lagt inn på Kristiansund sjukehus og for at guten skulle få i seg næring blei det lagt sonde ned i magesekken hans.

– Det hender seg inni mellom at han river ut denne sonden, og då er vi avhengige av hjelp til å legge inn ny, fortel mora og legg til:

– Søndags morgon merka vi at han hadde rive ut sonden, og vi prøvde med flaske i staden, men dei 60 ml han fekk i seg kasta han opp med det same, seier Albertsen.

Ingen barnelegar på jobb i helga

Skjermdump fra Linn Marita Albertsen sin facebookprofil

Linn Marita Albertsen fekk massiv støtte etter at ho la ut historia si på Facebook. Trykk på biletet for å forstørre det.

Foto: Skjermdump

Etter at foreldra ikkje fekk i han maten og heller ikkje den syrenøytraliserande medisinen han trenger ringde dei legevakta. Der fekk dei beskjed om at dei kunne kome kl. 11, men då familien sat i bilen ringde legevakta tilbake og fortalde at dei ikkje hadde kvalifiserte personell på jobb.

– Der var ikkje barnelege på jobb på grunn av den helgestengde barneavdelinga, og vi fekk derfor beskjed om å reise til Ålesund for å få lagt inn sonde på nytt.

Frå Tingvoll på Nordmøre til Ålesund sjukehus er det nesten tre timar å køyre.

Småbarnsmora syns det er fortvilande å tenkje på at viss noko skjer i helga må dei reise til enten Ålesund eller Trondheim.

Fekk ikkje mat på 15 timar

Arthur Olai hadde då vore slapp i fleire timar. Sist han fekk mat var i halv tolv tida kvelden før, og neste måltid fekk han rundt klokka tre søndag ettermiddag.

– Dei på sjukehuset i Ålesund syns det var horribelt at vi måtte reise så langt for å få lagt inn ein sonde. Eg syns at det er heilt håplaust at dei må stenge barneavdelinga, av alle ting.

Far sammen med sønnen Arthur Olai Brevig

Her er Arthur Olai i armane til faren då dei var på sjukehuset i Ålesund.

Foto: Privat

Helse Møre og Romsdal må spare inn 180 millionar kroner. Helgestenginga av barneavdelinga sparar 4 millionar.

Smertefullt å legge ny sonde

Albertsen er sjukepleiar sjølv, og fortel at ho kunne klart det praktiske rundt det å føre ein sonde ned i ein magesekk. Men ho vil ikkje vere den som påfører sonen sin smerte.

– Det er smertefullt for meg også.

Mora fortel at det var ikkje heilt enkelt å få lagt ny sonde i Arthur Olais magesekk. Faren hadde han i armane, ein sjukepleiar haldt hovudet hans og ein annan sjukepleiar la inn sonden.

– Han skreik veldig, og det var vanskeleg å få teipa fast sonden i ansiktet hans fordi han gråt.

Etter det sat familien seg i bilen igjen for å køyre tre timar tilbake til Tingvoll.

Forstår at reisetida var belastande

Helse Møre og Romsdal svarer familien ved å seie at dei har stor forståing for at det blei opplevd som belastande å reise frå Tingvoll til Ålesund sjukehus for å legge ned sonde.

Ove Økland

Klinikksjef for barn og unge, Ove Økland, seier at dei kjem til å sjå på korleis dei har erfart stenginga av barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Vi kan dessverre ikkje uttale oss om enkelttilfelle, men tar med oss tilbakemeldinga inn i arbeidet med å få til eit godt samarbeid og ein god oppgåvedeling mellom legevakt og Helse Møre og Romsdal, skriv klinikksjef for barn og unge i Helse Møre og Romsdal, Ove Økland til NRK.

På dei tre vekene barneavdelinga i Kristiansund har vore stengd har Ålesund sjukehus lagt inn ti barn frå Nordmøre.

– Vi loggfører desse erfaringane slik at vi kan evaluere dei i etterkant, skriv Økland.

Under kan du sjå tv-saka frå fredag 17. oktober, då barneavdelinga blei klargjort til stenging.

Frå og med i dag blir barneavdelingen ved Kristiansund sjukehus helgestengt. Dei berørte liker dårlig at helseforetaket sender sjuke barn til Ålesund for å spare pengar.

TV-SAK: Få er nøgd med at barneavdelinga i Kristiansund no er stengd i helgene.