Frank Sve (Foto: NRK)
Samtidig er det bestemt at det blir oppretta eit overvakingssenter som skal vere i drift på Stranda seinast i løpet av neste år.
Leiar for styringsgruppa, Stranda-ordførar Frank Sve, seier dei treng pengane for å få fortgang i overvakinga av rasfaren i indre Storfjorden.
Beredskapsfase krev pengar
Prosjektet går no over i ein beredskapsfase, og på Åkerneset krev det plassering av omfattande beredskapsutstyr og plaasering av overvakingsutstyr, seier Sve.
Åkerneset er Noregs største trussel for ei stor naturkatastrofe med flodbølgje, så det skulle berre mangle om regjeringa ikkje trådde til med økonomi, seier Sve.
– Viktig med overvakingssystem
Ola T. Heggem (Foto: NRK)
Statssekretær i Landbruksdepartementet, Ola T. Heggem, seier det er viktig å få på plass eit overvakingssystem for Åknes/Tafjord, slik at folk kan føle seg trygge.
Heggem kan førebels ikkje seie noko om kor mykje pengar regjeringa vil løyve til formålet. Han vil no sette seg inn i saka, før han inviterer styringsgruppa til eit møte.