Hopp til innhold

Adele har flytta heim til far – fryktar det kan ta årevis før ho kan kjøpe sitt eige

Adele Gjelsten (26) har fast jobb som elektrikar, men bur no på jenterommet. Ny rapport viser at 1 av 4 risikerer å ikkje klare husleiga.

Adele Gjelsten

Adele Gjelsten skulle gjerne hatt sitt eige. Førebels har ho ikkje råd til å kjøpe.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

26 år gamle Adele Gjelsten står inne i ei flunkande ny leilegheit i Ålesund. Om kort tid skal bustadkomplekset stå ferdig, og 76 spente kjøparar flytte inn.

Men Adele Gjelsten blir ikkje ein av dei.

Ho arbeider som elektrikar i nybygget – og det blir truleg det næraste ho kjem draumen om ei ny leilegheit her.

– Denne leilegheita vil gå for rundt 4,5 millionar, og det har ikkje eg sjanse til, seier ho medan ho trekkjer kablar til sikringsskapet.

Adele Gjelsten

Adele Gjelsten arbeider som elektrikar og har lyst å bu for seg sjølv. No sparer ho opp pengar og leitar etter eit krypinn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Flytta heim att til far

Nyleg flytta ho tilbake på jenterommet hos faren i Fiksdal i Vestnes.

Dei siste åra har ho leigd, men då husverten skulle pusse opp, måtte ho ut. Løysinga blei å flytte heim igjen medan ho leitar etter ein ny plass å bu. Håpet er at ho skal klare å spare opp ekstra pengar.

Gjelsten er singel, og med ei inntekt har ho ikkje råd til å kjøpe seg ein plass å bu.

– Det er litt kjipt, men det blir dyrare og dyrare og vanskelegare og vanskelegare, sukkar ho.

Adele Gjelsten heime

Adele Gjelsten bur no heime hos faren medan ho sparer og leitar etter ny leilegheit ho kan leige.

Foto: privat

26 prosent risikerer trøbbel

Den 26 år gamle elektrikaren er ikkje åleine om å oppleve at det er dyrt – både å eige og å leige.

I Noreg er det nesten ein million som betalar for å bu i eit hus eller leilegheit som nokon annan eig.

Ein ny rapport viser at 26 prosent av dei som leiger no risikerer at dei ikkje klare å betale for seg.

– Det er ein ganske stor del som står i fare for å komme i skikkeleg økonomiske problem. Dersom ein ikkje betalar husleige, så blir ein jo kasta ut. Det er eit vanskeleg trusselbilde å ha hengande over seg, seier SIFO-forskar Christian Poppe.

Rapporten er laga av Forbruksforskningsinstituttet SIFO på oppdrag frå Husbanken og viser også at 8 prosent av dei som har bustadlån står i fare for å misleghalde låna sine.

SIFO-forsker Christian Poppe

SIFO-forskar Christian Poppe seier det er mange som står i fare for å få alvorleg økonomiske problem no.

Foto: Eivind Rohne / OsloMet

Les også Ny rapport: Så mye dyrere har de mest nødvendige matvarene blitt

Pensjonist Bjørn Erik Sisselberg bekrefter at Sifos referansebudsjett har noe for seg - handleturene på dagligvarebutikken har blitt dyrere.

Fleire barnefamiliar slit økonomisk

Rapporten peikar også på heilt nye grupper som er ille ute etter dei mange rentehoppa, og som risikerer å ikkje lenger klare å betale lån eller husleige:

  • par med barn – auke frå 4,5 til 14 prosent
  • hushaldningar med inntekter mellom 800 000 og 1 million kroner – auke frå 2 til 13 prosent

Blant dei som slit har desse gruppene auka kraftig dei siste to åra. Dette er ifølgje SIFO-forskar gjerne unge menneske med store bustadlån, i etableringsfasen og tidleg i jobblivet.

Det er ei gruppe som kan få betalingsproblem, og dei burde ikkje ha det, for inntekta er jo høg, seier han.

– Men kan ikkje dei justere ned forbruket?

Jau, men det er nokre utgifter som ligg ganske fast, til dømes bustadlån eller husleiga, fellesutgifter. Der er ein del utgifter som ein ikkje kan gjere noko med på kort sikt, seier forskaren.

Rentekalkulator

Se hvor mye du må betale hvis renta øker.

Rente
Månedlige utgifter
18 783 kr
Økte renteutgifter
378 kr

Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%

Draumen om å ha noko eige

Adele Gjelsten sjekkar nesten dagleg mobilen for å sjå om ho kan finne ein plass å leige. Som regel er det for dyrt, for lite eller for dårleg. Gjelsten vil gjerne ha eit kjøkken som er stort nok til å kokkelere og nok plass til hobbyane sine.

Sjekkar leiligheiter til leige

Adele Gjelsten sjekkar ledige leilegheiter nesten dagleg. Som regel er dei for dyre eller for små.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Håpet er å klare å spare nok til at ho etter kvart kan kjøpe seg ein plass å bu. 26-åringen har sett seg som mål å flytte i eiga leilegheit før ho rundar 30 år.

– Draumen er å få eige sjølv, der eg har litt størrelse på leilegheita. Å ha noko eige, som kjennest som heime, seier ho.

Les også Trur familien kan tole ei renteheving til: – Men det er på hengande håret

Elise Brattgjerd Brenne, sønnen Noah Ringstad Brenne og Anders Ringstad står ved et rundt bord i en stue. I bakgrunnen er det et vindu med utsikt over havet.