Hopp til innhold

Trur familien kan tole ei renteheving til: – Men det er på hengande håret

Familien på tre betaler 40.000 kroner i månaden på lån. Før økonomien blir betre, skal den først bli litt verre seier økonomar.

Elise Brattgjerd Brenne, sønnen Noah Ringstad Brenne og Anders Ringstad står ved et rundt bord i en stue. I bakgrunnen er det et vindu med utsikt over havet.

HAR NÅDD GRENSA: Elise Brattgjerd Brenne og Anders Ringstad seier dei har nådd grensa for kor mange rentehevingar dei kan tole. Her er det saman med sonen Noah på 3 månader.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Me veit ikkje kva neste år bringar. Det kan bli enno trongare.

Det seier Elise Brattgjerd Brenne og Anders Ringstad. Saman har dei sonen Noah på 3 månader. Og så har dei eit bustadlån.

Paret betaler om lag 40.000 kroner i månaden på studie- og bustadlån. I tillegg betalar dei 10.000 på forsikringar, bil, kommunale avgifter og straum.

Me har vel nådd den grensa me er på, men me skal sikkert tole ei til. Men det er på hengande håret, legg Ringstad til.

Paret har ei inntekt på omtrent 1 million kroner til saman i året og eit bustadlån på 6,5 millionar kroner.

Økonomar i Nordea har rekna ut at familien på tre forbetrar kjøpekrafta med om lag 13.000 kroner neste år.

– Kvar gong renta aukar, går dei månadlege utgiftene våre opp med om lag 1500 kroner. Det er klart at me merker det, seier Brattgjerd Brenne.

Men før det blir betre, skal det først bli litt verre.

Elise Brattgjerd Brenne sitter med sønnen Noah Ringstad Brenne i fanget. Elise ser på Noah som ser opp i taket.

Billegare barnehageplass og bleie-avtalar i butikken gjev håp for økonomien i 2024: – Det hjelper for det går ein del bleier til Noah, seier Elise Brattgjerd Brenne.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Det blir verre før det blir betre

– I det korte bilete kjem det dessverre til å bli litt verre før det blir betre.

Det seier seniorstrateg i Nordea Markets, Dane Cekov om kjøpekrafta til norske hushaldingar.

Hushaldingane har enno ikkje merka den siste renteheving frå Noregs Bank. Ho vil dukke opp i nettbanken i slutten av februar.

– Den kommande tida kjem til å bli tøff for mange trur eg, seier Cekov.

Familien på tre seier dei er nær grensa for kva dei kan tole.

– Det går utover alt anna, men det er heilt sikkert pengar å hente andre plassar også, seier Brattgjerd Brenne.

Men så skal det blir betre.

– I andre halvår blir ting litt betre og i 2025 blir ting mykje betre, legg Cekov til.

Då har lønna auka og Nordea Markets spår at kjøpekrafta kjem til å auke.

– Me håper jo at det stemmer, seier Ringstad.

Les også Studenter går i minus hver måned: – Ikke mer å spare på nå

Johannes With demonstrer ett av sparetipsene.

Må venne oss til høgare prisar

– Hushaldingane sit igjen med litt mindre enn dei gjorde for nokre år sidan. Dei har mindre pengar å bruke på det ein kan kalle ikkje-nødvendige ting.

Det seier seniorrådgivar i Kunnskapsavdelinga i Arbeids- og velferdsdirektoratet, Kristian Myklathun.

Familien i Trøndelag sparar på det dei kan for å ha råd til dei nødvendige tinga.

Me handlar lite klede og unødvendige ting. Me kjøper klede til Noah brukt. Matbudsjettet har gått veldig ned. Det er ikkje fleire frisørtimar.

Straumprisane vil truleg vere ganske lik det komande året som i 2023.

– Med avgifter og nettleige må ein nok rekne med 1,5 krone i straumutgifter i 2024. Og då inkluderer me også straumstøtta ein får for kraftprisar over 70 øre.

Det seier partnar Marius Rennesund i Thema Consulting Group.

– For ein gjennomsnittshushaldning som bruker om lag 20.000 kWt så vil det utgjere 30.000 kroner i straumutgifter.

Han trur dei høge straumprisane har kome for å bli.

– Me må nok venne oss til høgare prisar og betydeleg høgare prisar enn me har sett historisk.

Frå 1. januar auker terskelverdien for berekning av straumstøtta frå 70 til 73 øre per kWh utan meirverdiavgift.

Les også Flere og flere sliter med inkassogjeld: – Det psykiske blir så tungt at det blir fysisk

Regninger bunke

Høge gassprisar og høg pis på CO2-kvotar er årsaka til dei høge straumprisane.

– Det betyr at det blir dyrare å produsere kraft i Europa og dette speler også inn på prisane i Noreg, spesielt i sør-Noreg.

Den høge kronekursen er også kome for å bli, trur valutastrateg i Handelsbanken, Nils Kristian Knudsen.

– Me trur den nye normalen er ei litt svakare krone, rundt 11 blank mot den europeiske fellesvalutaen (Euro).

Etter den siste rentehevinga frå Noregs Bank steig verdien på den norske krona.

– Me trur at krona kan halde seg på dette nivået som ein start. Og så trur me på ein gradvis styrking utover i 2024, seier Krudsen.

Og dette er grunn til optimisme.

– No er me i ein ny situasjon der dei internasjonale sentralbankane ser ut til å vere i ferd med å begynne å kutte renta. Då vil marknaden vere prega av meir optimisme.

Elise Brattgjerd Brenne, sønnen Noah Ringstad Brenne og Anders Ringstad sitter ved et rundt bord i en stue. I forgrunnen og til venstre i bildet ser vi et pynta juletre.

Kvar gong renta aukar, går dei månadlege utgiftene til familien Ringstad Brenne opp med om lag 1500 kroner.

Foto: Eivind Aabakken / NRK