Hopp til innhold

No ringer folk for å prute på renta

SR-Bank har opplevd ei dobling i renteførespurnader frå kundane. Men fungerer det? Ja, seier Hallgeir Kvadsheim.

Finansrådgiver Eirik Gjerde

I AKSJON: Finansrådgivar Eirik Gjerde merkar at situasjonen for mange av bankkundane har endra seg dei to siste åra med aukande renter. – Mange bekymrar seg for korleis det skal bli framover.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

0,25, 0,5, 0,75..

Slik starta det hausten 2021. No har det gått to år..

.. 3,75, 4, 4,25.

Totalt 13 rentehevingar. Og 14. desember har sentralbanksjef Ida Wolden Bache varsla at heving nummer 14 truleg kjem.

Så kva gjer vi nordmenn, då?

Vi høyrer på ekspertane og byrjar å prute, skal vi tru bankane sine eigne undersøkingar.

– I takt med rentehoppa, er det heldigvis stadig fleire som gjer det vi oppmodar til, dei tek kontakt med banken – også om renta, seier konserndirektør i SR-Bank, Roger Lund Antonesen.

Konserndirektør i SR-bank Roger Lund Antonesen

KAN IKKJE TRYLLE: Banksjef Roger Lund Antonesen stadfestar at det ikkje finst nokon magiske ord kundane som ringer inn kan seie, for å få lågare rente. Men nokre av innringarane får justeringar i positiv retning. – Når det gjeld renta er det ei individuell vurdering ut frå ei rekke kriterium. Det handlar om inntekter, utgifter og lån, men også om tryggleik og heile totalsituasjonen, seier han.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ring, ring

Ved kundesenteret til banken på Domkirkeplassen i Stavanger, blir medarbeidarane ringde ned av kundar som har fått nok av den galopperande renta.

– Det er hektisk no, seier finansrådgivar Eirik Gjerde.

Han har ikkje opplevd likande før.

– Bustadlånet er som regel den største utgiftsposten i økonomien til folk, så det er klart at dette påverkar dei.

Berre til no i år har 20.000 kundar ringt Gjerde og kollegaene hans. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Og trenden aukar i takt med rentehevingane. Fleire og fleire ringer. Førre månad ringde dobbelt så mange som i januar.

Vi opplever at kundane er meir medvitne og merksame, seier Antonesen.

Finansrådgiver Eirik Gjerde

UTE SKIN SOLA, INNE RINGJER TELEFONEN: Eirik Gjerde og kollegaene på SR-Banks kontor midt i Stavanger sentrum blir nedringde av rentesjuke kundar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Bank: – Folk er bekymra

NRK har teke ein rask ringerunde til fleire av Noregs største bankar, og tilbakemeldingane er nokolunde like:

Forbrukarøkonom Jan Tore Smith i Sparebanken Vest merkar at renteaukane har ført til at fleire tek kontakt og vil prate om renta.

I Nordea har dei over ein lengre periode opplevd at fleire kundar tek kontakt.

– Vi merkar at folk er bekymra. Kundane kjem ofte med ein breiare førespurnad om avdragsutsetjing, rentespørsmål, råd til sparing og grep til eigen økonomi, seier kommunikasjonsrådgivar Anja Lohne Holm.

Også i Noregs største bank, DNB, merke dei at kundane no tek kontakt i takt med rentehevingane. Dei har også tal som viser at 20 prosent fleire no søker om avdragsfritak samanlikna med same periode i fjor.

Kan spare tusenvis

Men fungerer det eigentleg? Og er det verd strevet?

Vi spurde «heile Noregs» økonomiekspert Hallgeir Kvadsheim, og svaret var krystallklart:

Ja, absolutt. Det er mi klare oppfatning. Så får ikkje alle betre vilkår og det skjer ikkje automatisk, men for veldig mange blir renta lågare.

Kvadheim har vigd livet sitt til å gi nordmenn pengeråd, og gir gjerne eit konkret råd her også:

Finn ut kva du betaler i rente og kva andre betaler i rente, då er du godt førebudd til ein prat med banken.

Men er det pengar å spare? Igjen er svaret ja frå jærbuen og her er reknestykket:

Ein familie med 4 millionar i bustadlån vil spare 10.000 i året om dei får senka renta med 0.25 prosentpoeng.

Det er ei ganske lita renteendring. Mange kan klarer både 0,5 og 0,75 ned, seier Kvadsheim.

Og best av alt: Dei pengane er ferdig skatta.

PS: Ettersom det er åtte vekers varslingsfrist for renteendringar på bustadlån, så har ikkje den siste hevinga av styringsrenta slått inn på bustadlånet ditt endå. Men fortvil ikkje: Den kjem nok i månadsskiftet november/desember.

Og du har nok fått brev om det.

14 kroner skiller disse to produktene

Det einaste som skil desse er emballasje og pris: – Prøver å lure oss