Hopp til innhold

Vil gje unge jenter sjølvtilliten til å satse på fotball

Familien Hegerberg har fostra to av dei beste kvinnelege fotballspelarane i Noreg og verda. No vil dei gje fleire unge fotballjenter eigenskapane som skal til for å nå opp.

Hegerberg fotballskole i Sunndal

Andrine Hegerberg meiner unge jenter må tore å vere gode, skal dei lykkast med å bli profesjonelle fotballspelarar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Eg har lyst å bli like god som Ada. Verdas beste, det er det eg drøymer om. Det motiverer meg at nokon frå Nordmøre har klart det. Ho har klart det, så kvifor ikkje eg, seier Ifrah Abdullahi Hussein (15) frå Kristiansund.

Ifrah Abdullahi på Hegerbergs fotballskole i Sunndal.

Ifrah Abdullahi Hussein frå Kristiansund vil satse. Ho synst at jente- og kvinnefotball burde få meir rettar og bli behandla likt som gutane.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho er ein av 40 jenter frå Møre og Romsdal som blei plukka ut til å delta på familien Hegerberg sine inspirasjonsdagar på garden i Sunndal.

Familien har fått stor merksemd på grunn av suksessen til søstrene Ada og Andrine Hegerberg. Medan Andrine har ei vellykka karriere i ulike europeiske klubbar, har Ada markert seg som ein av dei beste kvinnelege fotballspelarane i verda og vinnar av gullballen i 2018.

Ada Hegerberg på Teams 2

Medan Ada pratar med tenåringstalenta digitalt frå Lyon, står Andrine med mor og far for det fysiske opplegget. Begge foreldra er også tidlegare fotballspelarar og har vore med på å trene døtrene.

Foto: Gerd Stolsmo

Vil at jentene skal ta meir plass

Dette er ingen vanleg fotballskule. I tillegg til å lære meir om fotball, er målet også å bygge opp jentene og gje dei sjølvtillit til å satse på idretten.

Andrine Hegerberg. Hegerberg fotballskole i Sunndal

Andrine Stolsmo Hegerberg brukar tid på å inspirere jenter, medan ho trenar seg opp etter ei korsbandskade. – Vår erfaring er at det ikkje berre handlar om fotball.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Ein kan vere ein god fotballspelar, men ein treng også andre eigenskapar for å bli best. Det er ei tøff verd og dess høgare nivå ein kjem på, dess tøffare blir det, seier fotballspelar Andrine Stolsmo Hegerberg.

Hegerberg seier ho ønskjer å løfte unge jenter, fordi gutane ofte får meir merksemd.

– Det er viktig å bygge sjølvtillit til å vere seg sjølv. Mange er dårlege til å peike på kva dei er gode på, men veldig flinke til å vere kritiske til seg sjølv, seier Hegerberg.

Ada Hegerberg

Ada Hegerberg fekk «gullballen» i 2018, ein pris som blir delt ut til verdas beste fotballspelar av France Football. Ho begynte nyleg å trene med Lyon igjen etter å ha vore skada i 19 månader.

Foto: Christophe Ena / AP

Frå tidleg alder har Ada og Andrine hatt eit miljø rundt seg der dei har hatt fokus på å bygge sjølvkjensla og å «pushe» seg sjølv til å ta sjansar som andre ikkje har våga.

– På den måten har vi vakse, men vi har sett at andre har blitt forbigått. Desse har vore like gode eller hatt like gode eigenskapar, men dei har ikkje våga å stå heilt fram, seier Andrine Hegerberg.

Andrine Hegerberg viser unge jenter kunster.

Andrine Stolsmo Hegerberg viser øvingar til deltakarane. – Det er vanskeleg å berre vere eit talent, ein må tore å vere god også, seier ho.

Hegerberg fotballskole

Det at Ada Hegerberg klarte å bli verdas beste, motiverer Ifrah frå Kristiansund til å ville det same. Det er lettare å ha trua når dei er frå same område.

Hegerberg fotballskole i Sunndal

Andrine Hegerbeg hugsar kor ivrige ho og Ada var i 15-årsalderen, dei ville verkeleg satse.

Fotballskole med Hegerberg.

Førti jenter frå rundt om i Møre og Romsdal var heldige og fekk vere med på fotballskulen. Dei var fordelt i to puljar dei to siste helgene i september.

Andrine Hegerberg trenar unge jenter i Sunndal.

Den tidlegare Roma-spelaren trenar seg opp frå ein korsbandskade i januar, og etter ni månader kan ho sparke godt ifrå seg. Søster Ada fekk utruleg nok same type skade eit år før Andrine igjen.

Hegerberg fotballskole

Andrine Hegerberg og far Stein Erik Hegerberg fortel om oppturar og nedturar, og korleis dei har klart å oppnå suksess. Stein Erik var svært involvert i treninga deira i fleire år.

Familien Hegerberg holder foredrag

Hegerberg-familien held foredrag for jentene i fjøset på garden i Ålvundfjord. Mor Gerd Stolsmo til høgre.

Over ein tredel fell frå

Det er 53.000 jenter mellom seks og tolv år som spelar fotball, men 35 til 40 prosent av dei forsvinn i aldersgruppa tretten til nitten. Nesten like stor del gutar sluttar også, men dei er nesten dobbelt så mange til å begynne med.

– Det er veldig få jenter på tretten som oppgir at dei vil satse på idretten sin, og vi ser at skule er ekstra viktig for mange. Det er ikkje ein uvesentleg kjønnsforskjell, seier Ane Eide Kjærås, som er prosjektleiar jentesatsinga i Norges fotballforbund.

Frafall i ungdomsfotballen

Ane Eide Kjærås er prosjektleiar for jentesatsinga i Norges fotballforbund. Å få fleire jenter og kvinner inn i fotballen er eit av tre hovudsatsingar dei har.

Foto: PRIVAT

Dei jobbar mot nettopp å minske fråfallet. Sjølv om det er vanskeleg for mange jenter å sjå for seg ein fotballkarriere, blant anna fordi rollemodellane er mindre synlege, har moglegheitene aldri vore betre meiner Kjærås.

– Kan vere flaut å ikkje lykkast

Siv Gjesdal underviser i coaching og idrettspsykologi på Noregs idrettshøgskole, og har sjølv vore trenar for barn og ungdommar. Ho trur fotballfamilien er inne på noko viktig. Jenter har ikkje dei same føresetnadene som gutar på veg mot ein fotballkarriere.

Siv Gjesdal, førsteamanuensis ved Norges idrettshøgskole.

Fotballjentene har godt av at nokon tar dei seriøst, meiner Siv Gjesdal, førsteamanuensis ved Noregs idrettshøgskole.

Foto: Norges idrettshøgskole

– Frå dei startar fotballkarrieren som seksåringar får jentene ei heilt anna fotballutdanning enn gutar, det er dårlegare tilbod heile vegen. Erfaringa mi er at dei har vanskelegare for å identifisere seg som fotballspelarar enn gutar, dei berre «spelar fotball», seier Gjesdal.

Dei er også i ein alder der ein fort kan bli usikker på seg sjølv. Jentene må lære seg å feile for å våge å prøve, meiner psykologen.

Hegerberg fotballskole i Sunndal

Fotballstjerna ser stor forskjell på deltakarane etter kort tid på kurset: – Ved å ta steg på bana, merker vi at dei også blir god utanfor bana. Dei tar meir plass og byr på seg sjølv, seier Andrine Hegerberg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det er flaut eller skambelagt å ikkje lykkast. Og det held ikkje å vere god på éin ting, ein må vere god på fotball, skule, vere pen og levere på så utruleg mange arenaer. Det er nesten umogleg, seier Gjesdal.

Må stå opp for fotballen

– Det har vore mykje tårer og klump i magen, fortel mor Gerd Stolsmo i fjøset på familiegarden, der fotballjentene lærer om søstrene sine oppturar og nedturar.

Gerd Stolsmo.

Gerd Stolsmo meiner jenter må halde fatt på kva dei er gode på og dyrke det. – Det er nok av signal som prøver å definere dei og kven dei er, og difor er det viktig at dei kan bygge sine eigne verdiar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Mamma Gerd meiner det krev ekstra spisse olbogar å kome seg fram i kvinnefotballen.

– Difor må vi styrke jentene som individ for å dra idretten vidare. Dei må stå opp for idretten sin og ta sine eigne val, seier Gerd Stolsmo.

Hegerberg fotballskole i Sunndal. Tina Elise Sevaldsen.

Tina Elise Sevaldsen har som mål å kome inn på damelaget til Kristiansund Ballklubb.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Stolsmo håpar jentene tek med seg lærdommen til klubbane og nærmiljøa sine.

– Vi har lært om kva haldningar vi bør ha til oss sjølv, positivitet og det å vere trygg. Eg gler meg til å få bruke det når eg kjem heim, seier deltakar Tina Elise Sevaldsen.

Hei!

Har du noko du meiner vi i NRK Møre og Romsdal bør sjå på?
Ta gjerne kontakt med tips! Eg jobbar i Kristiansund og har Nordmøre som fokusområde.