Hopp til innhold

Brann er klare for Lyon – men det blir ikkje Hegerberg-duell

– Det er gørr altså, det er gørr, seier Andrine Hegerberg. Medan Brann reiser til Frankrike for å møta Lyon og veslesøster Ada i Meisterligaen, blir ho att på norsk jord.

Fotballsøstre ada og andrine hegerberg

INGEN DUELL: Ada Hegerberg og Lyon får besøk av Brann onsdag, men bergenslaget møter opp utan storesøster Andrine.

Foto: Marco Bertorello/Alf Simensen / AFP/NTB

Onsdag kjem ei sjeldan moglegheit der søstrene Ada og Andrine Hegerberg kunne ha møttest til duell.

Det skjer ikkje ofte.

Men storesøster Andrine blei berre nesten klar. I fire månader har ho vore på sidelinja med kneskade.

– Med tanke på at ein gjerne vil spela fotball lenge, så er det litt for stor risiko den gangen her, seier ho.

Håp om ny duell

Då Brann var ferdige med si siste trening før avreise til Frankrike, kunne lagkameratane gjera seg klare for tur, medan Andrine måtte venda nasen heimover.

Ho legg ikkje skjul på at ho syns det er kjedeleg.

andrine hegerberg - sk brann kvinner

Andrine Hegerberg har vore med på kontakttrening dei siste vekene, men Lyon-kampen kom likevel litt for tidleg for retur frå kneskaden.

Foto: Oddgeir Øystese

Kampen onsdag må ho sjå frå sofaen, medan Ada får besøk av resten av Brann i meisterligakampen.

I ei videohelsing ber ho storesøstera om å setja helsa først.

– Andy, eg håpar du tek deg tida, først og fremst, for det er ingenting som er viktigare enn helsa. Og så blir det ein godbit om det blir nokre minutt mot oss, men elles er det viktigaste at du kjem tilbake i god, gamal form, og det veit eg at du kjem til å gjera, seier Ada.

Søsterduell for Brann i Lyon

Andrine fekk ei videohelsing frå Ada på siste trening før avreise til Frankrike. Ho omsette helsinga til trenar Martin Ho, som sa seg einig i råda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Trenar Martin Ho er einig.

– Denne kampen kjem litt for tidleg. Det er viktig for meg at eg ikkje pressar ein spelar som ikkje er klar til kamp enno – sjølv om ho gjerne vil spela mot søstera si. Men kanskje ho får moglegheita til det i neste kamp, seier han.

For det er likevel håp om Hegerberg-duell om ikkje altfor lenge. Neste veke kjem nemleg Lyon på besøk i Bergen.

– Eg skal iallfall gjera ein god innsats for leggja ned ein god jobb for å koma inn, og så håpar me å få lagt inn ei lita takling på veslesøster her før jul, seier Andrine.

Tidlegare har dei møttest i cupfinalen.

Heimekampen torsdag 21. desember skal spelast på Åsane arena og vart utseld på 23 minutt.

– Alt kan skje

Det er på onsdag at Brann møter Lyon i gruppespelet i Meisterligaen.

Brann var underdog i gruppa, men har med seg ein 2-1-seier mot St. Pölten og ein 1-0-seier mot Slavia Praha før kampen mot gruppefavoritt Lyon.

Dei gav på si side Slavia Praha ei blytung innleiing på gruppespelet: Då laga gjekk av bana stod det 0–9 i den Tsjekkiske hovudstaden. Seinare har dei slege St. Pölten 2–0.

Det betyr at både Brann og Lyon har med seg seks poeng inn i kampen.

– Eg går aldri til kamp og trur at me ikkje kan vinna eller prestera. Har du dagen og hellet med deg, presterer du og ting går din veg, så kan alt skje uansett kven du møter, seier trenar Ho.

Han kallar det ei unik erfaring å få spela mot verdsklasselag.

Forsvarsspelar Martine Østenstad får oppgåva med å stoppa Ada Hegerberg sine angrep. Ho er klar for ein litt annan kamp enn dei har spelt til no.

– Eg føler at me møter eit lag som er betre enn oss, så derfor er det ingen press på oss. Det gjer at me kan gå inn i dei to kampane med låge skuldrer, seier Østenstad.

brann i meisterligaen, champions league sk brann kvinner

Brann er det lågast rangerte laget i gruppa, men har bite frå seg i kampane til no.

Foto: Oddgeir Øystese

Ho får støtte av storesøster Hegerberg.

– Det er alltid artig å møta dei beste, så lenge me klarar å halda litt imot. Eg trur me skal klara å bita godt frå oss òg, om me klarar å halda hovudet kaldt og spela det spelet me har bygd opp no i haust, så kan det bli spanande, seier Andrine.

Lyon-Brann blir send på NRK1 frå klokka 20.40 onsdag.

– Ein av dei mest frykta angrepsspelarane

Då NRK snakka med Østenstad etter trening måndag hadde ho førebels ikkje henta inn tips frå den eldste av Hegerberg-søstrene til korleis ho bør hindra den yngste av dei.

– Nei, eg har faktisk ikkje det. Kanskje eg skal gå å få det no, ler ho.

Heller ikkje trenar Ho vil ut med nokon konkrete planar.

– Ho er ein av dei farlegaste og mest frykta angrepsspelarane i verda. Me må passa på at me er fokuserte og konsentrerte gjennom heile kampen for å hindra ho moglegheita til å koma til målsjanse.

Hegerberg-søsterene som barn (Andrine til venstre, Ada til høyre)

– Det er ein kjempeartig kamp, ikkje berre fordi søstera mi spelar der, men det er eit av verdas beste lag me skal møta, seier Andrine Hegerberg (til venstre) om veslesøster Ada.

Foto: Privat