Hopp til innhold

Aarebrot:– Utidig av lovgivar å oppmode til lovbrot

Professor Frank Aarebrot meiner stortingsrepresentant bryt både folkeskikk og politisk norm ved å oppfordre Uber-sjåførane til å halde fram drosjekøyringa.

Frank Aarebrot

Professor Frank Aarebrot har ikkje mykje til overs for at ein stortingsrepresentant går ut og oppmodar Uber-sjåførane til å stå på med transporttenesta si. Tenesta deira bryt med lova.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Professor i Samanliknande politikk Frank Aarebrot har ikkje mykje til overs for at stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde frå Høgre har gått ut og oppmoda Uber-sjåførane til å halde fram verksemda si. Både politiet og departementet meiner køyringa er ulovleg.

– Det er rimeleg utidig at ein lovgjevar oppfordrar til lovbrot. Då seier ho at ho er inkompetent som lovgjevar, og at ho ikkje greier og vere med å lage ei ny lov, seier Aarebrot.

Respekt for lova

Han meiner Nordby Lunde oppmodar folk til å bryte gjeldande lov, i staden for å konsentrere seg om å endre lova ho er imot.

– Lovgjevarar skal ikkje oppmode folk til å bryte gjeldande lov. Det går utover heile legitimiteten til Stortinget som lovgivande organ. Ein lovgjevar skal respektere lova, torar han.

Grunnen til at Uber-ordninga blir tolka som ulovleg også av departement og politi, er at yrkestransporlova krev at den som transporterar personar mot betaling, også skal ha løyve til det.

Heidi Nordby Lunde

Heidi Nordby Lunde representerer Høgre på stortinget og får kritikk for synet sitt i Uber-saka.

Ikkje straffbart

Ein drosjesjåfør i Ålesund melde stortingsrepresentanten til politiet tidlegare denne veka fordi han meinte ho oppmoda til lovbrot. Politiet la saka bort etter to dagar.

Frank Aarebrot er samd med politiet i at Nordby Lunde ikkje har gjort noko straffbart og synest det er greitt av saka er lagt bort.

– Ho viser ikkje folkeskikk, og bryt ei veldig, veldig viktig norm i politikken, seier Aarebrot.

Uber Oslo

Det har lenge vore strid mellom dei som har vanleg drosjeløyve og dei som driv innan Uber-systemet-

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Professoren meiner det ikkje er grunnlag for nokon formell refs av representanten, men nokon bør snakke henne til rette.

Aller helst bør leiaren i stortingsgruppa til Høgre vere den rette til å ta ein samtale med henne, meiner Frank Aarebrot.

– Kva så med ytringsfridomen hennar som stortingsrepresentant?

– Ho har sjølvsagt ytringsfridom som alle. Men grensene for ytringsfridom er etter mi meining, strammare for ein stortingsrepresentant enn for andre.

Stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde seier transporttenesta Uber er lovleg å bruke i Noreg, både som partnarsjåfør og passasjer. Difor er det vanskeleg for henne å sjå kvifor ei oppmoding om å halde fram og køyre for tenesta, er utidig.

Fornuftig handtering

Jusprofessor Hans Fredrik Mathinussen støttar politiet full ut i saka.

– Å legge bort saka er einaste fornuftige måten å handtere dette på. Saka eignar seg betre for Dagsnytt 18 enn for politiet, meiner Mathinussen, og viser til at Nordby Lunde forsvarte synet sitt i denne programposten på P1 sist måndag.

Han er ikkje samd med drosjesjåføren i at det er ei viktig prinsipiell sak at ein stortingsrepresentant går ut på denne måten.

Portrett av mann

er professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Foto: Cappelen Damm

– Dette er ei uproblematisk ytring som ikkje skapar problem. Ut frå samfunnstryggleiken er det ingen behov for å gripe inn, seier Hans Fredrik Mathinussen.

Drosjeeigaren i Ålesund, Trond Hansen, har alt bestemt seg for å klage saka vidare til stats- eller riksadvokaten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL