Hopp til innhold

Aalesund spelar truleg ikkje i dag

Alt tyder på at Aalesund sin bortekamp mot Sandefjord søndag ikkje blir spelt. Klubbdirektør Ronny Stokke i AaFK seier til NRK at laget drog til Molde laurdag for å kunne ta eit fly derfrå. Men flyet vart stoppa av vêret.
– Det var ikkje aktuelt å la våre spelarar sitje på bussen ei heil natt. Då ville dei vore uopplagde til kampen, seier Stokke. Fotballforbundet diskuterer saka i morgontimane søndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL