Hopp til innhold

Går for siger i Bodø

AaFK møter Bodø/Glimt på bortebane, og hovudtrenar Trond Fredriksen går for siger i Bodø. – Det står att å sjå om spelarane kan prestere, seier han.

Trond Fredriksen fortsetter som AaFK-trener

Hovudtrenar i AaFK, Trond Fredriksen håper på seier borte mot Bodø/Glimt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bodø/Glimt ligg for to plassar over AaFK på tabellen, men det er berre eitt poeng som skil dei to laga. I dag håpar AaFK og hovudtrenar Trond Fredriksen å kunne ta igjen forskjellen med ein siger på bortebane.

– Spelarane har hatt ei velfortent pause, og har brukt den siste veka godt, så vi er førebudd på ein siger i dag, seier Fredriksen.

– Målet er å vinne kampen, så står det att å sjå om spelarane kan prestere slik at det blir siger.

Vanskeleg kamp

Fredriksen er likevel førebudd på ein utfordrande kamp mot laget frå nord.

– Det er ikkje tvil om at Bodø/Glimt er ekstremt gode i pasningsspelet sitt. Der må vi stå imot og hindre at dei får overgangane dei jaktar på. Det blir spennande å sjå om vi klarer det, seier han.

Hovudtrenaren i AaFK trur det blir ein jamn kamp, men håpar likevel at laget hans vil gå sigrande ut av søndagens kampen.

– Vi bør og skal vere sopass gode at vi klarer å skape nok målsjansar og få ballen over mållinja, seier Fredriksen.

To nye spelarar

AaFK har den siste tida gjort to nye signeringar. Først blei det offentleggjort at Bjørn Helge Riise hadde signert ein treårskontrakt med klubben, og fredag vart Magne Hoseth presentert som ny spelar.

Magne Hoseth har signert

NY SPELAR: Magne Hoseth har signert for AaFK ut sesongen.

Foto: aafk.no

– Bjørn Helge er med frå start, men Hoseth må dessverre stå over kampen på grunn av sjukdom, seier Fredriksen.

Han meiner at dei to nye spelarane vil vere ein viktig styrke for laget i tida som kjem.

– Dei er først og fremst gode fotballspelarar, men dei er også gode leiarar og har mykje erfaring frå eliteseriespel. Unggutane på laget kan ta nytte av denne erfaringa og bli enno betre, seier AaFK-trenaren.

Få oversikt:

Laster innhold, vennligst vent..

Sjå tabellen:

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL