Hopp til innhold

– Vanskeleg å få statlege arbeidsplassar

Ønsket om å få fleire statlege arbeidsplassar til Kristiansund og Nordmøre, har vist seg å vere svært vanskeleg å oppfylle.

Per Kristian Øyen

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, meiner det er vanskeleg å få statlege arbeidsplassar til kommunen.

Foto: Roar Halten / NRK

Det seier ordførar i Kristiansund Per Kristian Øyen (Ap).

Han har i mange år arbeidd med å få statlege arbeidsplassar til kommunen, og meiner det ikkje var lettare under den førre regjeringa.

– Det har vore veldig vanskeleg. Den førre regjeringa sette bom stopp for utflytting av arbeidsplassar, seier han.

Nye statlege arbeidsplassar

I nyheitene den siste tida har vi høyrt om at den noverande regjeringa har oppretta fleire statelege arbeidsplassar enn den førre, men den som har lite frå før stiller bakarst i køen, meiner Øyen.

– Vår største svakheit, og eitt av dei svara vi får er at Kristiansund ikkje kan få statlege arbeidsplassar fordi vi ikkje har Høgskule, og det kan ikkje vere ein god nok grunn, seier ordføraren.

Jardar Jensen

Jardar Jensen meiner det er viktig for regionane å vise fram den kompetansen dei har.

Foto: Torbjørn Tandberg

Det er det heller ikkje, seier statssekretær i Kommunaldepartementet, Jardar Jensen. Han meiner det ikkje er eit krav å ha høgskule for å få tilført nye statlege arbeidsplassar.

– Vi har ikkje noko grunnlag for å legge likskapsteikn mellom høgskular og etableringa av ny statleg verksemd, seier han.

Likevel er det viktig for kommunar som Kristiansund å ikkje gi seg, og heller framheve sine kvalitetar, meiner Jensen.

– Det er klart ein legg vekt på den kompetansen som finst i regionen, og då må dei vere flinke til å vise den kompetansen ein har, seier han.

Få stillingar utanfor Oslo

Statssekretæren innrømmer likevel at ordføraren i Kristiansund har eit poeng.

Sjølv om reglane for oppretting av nye statlege arbeidsplassar seier at dei skal opprettast utanfor Oslo, er det mange av dei nye stillingane i staten som i staden kjem som utvidingar der det er etablert verksemd frå før.

– Den veksten som vi ser innanfor offentlege arbeidsplassar kjem i hovudsak i eksisterande verksemder og ikkje i nyetableringar, seier Jensen.

Oversikt over statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal

Kommunane i Møre og Romsdal har ein generelt låg del av statlege arbeidsplassar.

  • Molde er den byen i fylket som har flest statlege arbeidsplassar, med 90 pr. tusen innbyggar.
  • Volda har og mange, med 88.
  • Tilsvarande tal for Ålesund er 70 og for Kristiansund 40.
  • Hareid er den kommunen som har færrast statlege arbeidsplassar pr. tusen innbyggjarar med berre 2.
  • Kjelde: SSB (2012).

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL