Hopp til innhold

Korona gjorde at Stine sakna heimkommunen – no har ho flytta heim

Årdal har blitt stempla som det mest sårbare norske lokalsamfunnet. Ferske tal får kommunen til å riste på hovudet – takka vere folk som Stine Ohrvik.

Stine innflyttarsak Årdal.

HEIMFLYTTAR: Stine Ohrvik valde vekk storbylivet i Oslo. No jobbar ho som prosjektleiar på teknisk avdeling i Årdal kommune.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dei siste åra har eg budd i Oslo og eg treivst for så vidt godt der. Men spesielt under korona, så merka eg kor mykje eg sakna å vere heime, seier Stine Ohrvik (36).

Når ho fekk tilbod om jobb som prosjektleiar på teknisk avdeling i kommunen, var ho ikkje i tvil:

Ho takka ja og flytta heim til Årdal.

Men Statistisk sentralbyrå sine tal er dårleg lesing for kommunen på Vestlandet: Ein av fire innbyggarar kan forsvinne innan 2040.

Det vil dei no motbevise og har sat i gang eit stort prosjekt for å snu flyttestraumane.

– Tala kan ikkje stemme

– Eg tenker at den statistikken umogeleg kan stemme. Eg får ikkje det til å gå opp i opp. Eg trur at framover så har vi marginane på vår side.

Det seier leiaren for det nye tilflyttarkontoret i kommunen, Astrid Øvstetun.

– Vi ser det på bustadmarknaden og på interessa for å flytte heim. Det er også utruleg låg arbeidsløyse i Årdal.

Bilete frå Årdal

Årdal er kjend for sin vakre natur – men også for sin tradisjonelle industri. Det sistnemnde er eit potensielt kjempeproblem for bygda.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Vil stabilisere og auke

Ei satsing på fleire typar arbeidsplassar, tilgang på rimelege bustadar, natur og aktivitetar – skal gjere til at ein klarer å lokke fleire til kommunen.

Ein kommune som sidan slutten av 40-talet utelukkande baserte seg på industri.

Det skapar utfordringar når ein no jobbar for å skape endring, innrømmer ordførar Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet.

– Først av alt må vi stabilisere folketalsnedgangen og til sjuande og sist få ein auke med den jobben vi gjer no, seier Høl.

Han peikar på at Telemarksforskning lenge har meint at Årdal er det mest sårbare lokalsamfunnet i heile Noreg.

Årsaka er særleg at 49 prosent av alle i Årdal framleis jobbar i industrien.

– Vi lever godt når det er oppgangstider, men til liks med andre industrisamfunn så slit vi meir når det er dårlegare tider.

Marit Mellingen, direktør for Distriktssenteret.

DISTRIKTSEKSPERT: Marit Mellingen er direktør for det statlege Distriktssenteret som jobbar med distriktspolitikk og utvikling av kommunar og næringsliv.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

«Megatrend»

Men det er slett ikkje berre i Sogn og i Noreg at distrikta slit med fråflytting. Det same gjeld også elles i verda, seier direktør i Distriktssenteret, Marit Mellingen.

– Det er klart at den demografiske utviklinga vi ser, er ein del av det vi kallar ein megatrend, ein global trend. Det er mange land som opplever mykje av det same.

Ho meiner at med dei framtidsutsiktene til færre innbyggarar som Statistisk sentralbyrå peikar på, så er det desto viktigare å ta vare på dei tilflyttarane som kjem.

Slik dei forsøker å gjere i Årdal no.

– Så seier vi til alle kommunar at det er viktig å planlegge realistisk. Kanskje skal ein setje seg fleire mål på kva som er god lokalsamfunnsutvikling, enn berre vekst i folketal. Det kan vere mange andre kvalitetar som gjer det til eit godt lokalsamfunn.

Men i Årdal rår optimismen uansett.

Medan det for få år sidan var 70–80 bustader ute i marknaden og nesten ingen kjøparar, har trenden no snudd.

Det seier eigedomsmeklar og heimflyttar, Erlend Hunshammer Moen.

– Vi opplever at det no er fleire interessentar per objekt som er ute. Kanskje har fleire fått seg jobb og er klare for å tre inn i bustadmarknaden.

Hilmar Høl, ordførar i Årdal (Ap).

OPTIMIST: Hilmar Høl er ordførarar for Arbeidarpartiet i Årdal. Ein kommune der arbeidarrørsla tradisjonelt har stått svært sterkt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Teknologibygdi

Verksemder som Hydro og Norsun er i dag heilt dominerande i arbeidsmarknaden i kommunen, i tillegg til jobbar innan offentleg forvaltning, helse og omsorg.

No jobbar kommunen også for å få 100 statlege arbeidsplassar, og ordførar Hilmar Høl vil satse på forsking og utvikling:

– Vi har jo lyst å gje oss sjølv eit nytt slagord: Teknologibygdi.

Frå kontoret sitt ser heimflyttar Stine Ohrvik rett mot fjella ho set så stor pris på. Nærleiken til naturen var eit viktig argument for å vende nasen vekk frå hovudstaden. No ønskjer ho fleire velkomne til Årdal:

– Det er lett å bli kjent med folk og det er lett å bu her, seier ho.