Hopp til innhold

– Ufatteleg at dette kan skje!

Liv-Tone Ulstein Brunstad reagerer sterkt på at avdelinga for dei alle minste nyfødde blir flytta frå Ålesund til Trondheim. Saman med fleire andre eldsjeler har ho kjempa innbite for tilbodet i Ålesund.

Anette Myklebust Haram (33) frå Ålesund (t.v) med sonen Kristian og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36)

Liv-Tone Ulstein Brunstad frå Ulsteinvik t.v. og Anette Myklebust Haram frå Ålesund leiar gruppa 'De små vil også sjå'. Gruppa har kjempa innbite for at neonatal avdeling i Ålesund skal få ta hand om dei aller minste nyfødde også i framtida.

Foto: Birthe Bringsvor

Ho fekk småbarnsmødrer, bestemødrer og svært mange andre til å engasjere seg for at sjukehuset i Ålesund skulle ha eit tilbod for dei for tidleg fødde barna. I løpet av fjoråret samla eldsjela Liv-Tone Ulstein Brunstad og dei andre forkjemparane for avdelinga i Ålesund inn over 1,5 millionar kroner. Alt har gått til nytt og forbetra medisinsk utstyr på avdelinga.

– Eg har problem med å tru at det er sant at dei vil flytte dei aller minste nyfødde og mødrene deira til Trondheim. Det er heilt ufatteleg at dei kan gjere noko sånt, seier Liv-Tone Ulstein Brunstad.

Neonatal avdeling i Ålesund

Neonatal avdeling i Ålesund og avdelinga ved St. Olavs har lenge vore i dragkamp om kven av dei som skal ta seg av dei små som blir fødde før 26. svangerskapsveke.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Stemmen hennar brest når ho fortel kva ho synest om at fagmiljøa i Helse Midt- Noreg har blitt samde om at barn født før 26. svangerskapsveke skal sendast til St. Olavs Hospital.

Gjennom foreininga "De små vil også sjå", som starta som ei Facebook-gruppe, har ho og mange med henne, stått på for at avdelinga i Ålesund skal få halde fram med å ta seg av dei aller minste for tidleg føde borna.

Fryktar konsekvensane

No innser Ulstein Brunstad at kampen for Ålesund, er tapt, og ho fortvilar over tapet.

– Dei forstår ikkje kva dei gjer, hevdar ho.

Liv-Tone Ulstein Brunstad

I dag er Kristian ein kvikk krabat på to år. Men han hadde ein tøff start på livet, seier mor Liv-Tone.

Foto: Privat

Sjølv var ho var gravid med tvillingar, men berre Kristian overlevde då dei kom til verda i veke 24. Ho har fleire gonger gitt uttrykk for at hadde det ikkje vore for neonatal avdeling i Ålesund, hadde ikkje Kristian vore her i dag.

– Flyttinga vil gå utover både den gravide, barnet, søskena og resten av familien. Det blir ei stor ekstrabelastning for den gravide å måtte reise frå dei nære og kjære, og det trygge støttepunktet dette er i ein så vanskeleg situasjon.

Redd fagmiljøet blir tappa

Vedtaket i Helse Midt- Noreg seier at flyttinga til St. Olavs ikkje skal gå utover bemanninga ved avdelinga i Ålesund. Dette er Ulstein Brunstad glad for, og karakteriserer dei som svært dyktige fagfolk på ulike spesialfelt.

– Dei sit med ein enormt god kompetanse, opparbeidd gjennom mange år. Det eg er mest redd for, er at dyktige og erfarne legar skal flytte til andre og meir sentrale stader der dei får meir utfordringar.

– Når fagmiljøa i Helse Midt- Noreg er samde om at flytting er forsvarleg og greitt, må ein jo kunne stole på det?

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus er einaste sjukehuset i fylket som har neonatal avdeling.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

– Nei, er ikkje så sikker på det. Dette er ei nedbygging og ikkje oppbygging av tilbodet for dei aller minste nyfødde.

Ho viser også til ei gransking gjort i foreldregruppa for dei minste nyfødde. Der leste meinte Ålesund hadde best kvalitet i behandlinga. No handlar dei stikk i strid med det foreldra meiner, meiner Ulstein Brunstad.

. Sister tilskotet frå eldsjelene på Sunnmøre, var eit netthinnekamera som blei overrekt sjukehuset i september.

Fagleg forankra

Konstituert fagdirektør i Helse Midt-Noreg, Henrik A. Sandbu, er glad for at dei har fått til ei løysing. Han meiner flyttinga til Trondheim, er til det beste både for dei små og for foreldra.

– Det viktigaste for oss er at dette er ei løysing som fagmiljøa sjølve står bak. Vi ville ikkje ha tvinga ei løysing på korkje behandlarane eller pasientane ikkje står inne for, seier Sandbu.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL