Hopp til innhold

– Tragisk når noko slikt skjer

Bussjåførarar i Nettbuss reagerer med sjokk etter at bybussen i Kristiansund vart rana av ein mann med øks måndag kveld.

Måndag kveld vart ein bybuss i Kristiansund rana av ein gjerningsmann med øks.

Regionsdirektør Hallstein Lillevik vil ha betre sikring av sjåførane i Netbuss.

Bussjåfør rana med øks

Ingen vart skada då ein mann rana sjåføren på ein rutebuss i Kristiansund med øks. To passasjerar var også om bord i bussen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det er veldig tragisk dette både for passasjerane våre og tilsette at ein vert utsett for noko slikt, seier regiondirektør Hallstein Lillevik i Nettbuss Midt Norge om økseranet på ein rutebuss i Kristiansund måndag kveld. Gjerningsmannen brukte øks som våpen, og hogde i inventaret rundt seg, for å true til seg pengar frå sjåføren.

– Reagerer med sjokk

– Denne personen har oppført seg truande spesielt i forhold til sjåføren. Det er noko vi ikkje ønsker. Dessverre så har det skjedd, seier regionsdirektøren.

– Alle sjåførane reagerer med sjokk over det som har skjedd. Alle køyrer sjølv på kveldstid og tenkjer på korleis dei kan førebu seg om det skulle skje liknande tilfelle seinare, legg han til.

– Ei enkelthending

Det er ikkje lenge sidan sjåføren og to personar vart drepne med kniv i Årdal i Sogn og Fjordane. Med ei slik hending friskt i minne opplever bransjen det som svært ubehageleg når ein rutebuss på ny vert angripen, seier Lillevik.

– Det er klart at det påverkar oss. Alle slike episodar gjer at vi tenkjer over det yrket vi har.

Like fullt meiner regionsdirektøren at økseranet i Kristiansund er ei enkelthending.

– Eg vil ikkje kalle dette ei trend av brutalisering, men episoden er beklageleg nok i seg sjølv. Samstundes må ein fokusere på at dette berre har skjedd nokre få gongar. I dei aller fleste tilfelle er sjåføryrket og det å drive busstenester positivt, seier han.

– Korleis vert sjåføren teke hand om no?

– Sjåføren var inne til avhøyr til ganske langt ut på natta, og i dag vert han følgd opp internt ut frå våre rutinar når kritiske situasjonar som dette oppstår.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL