Hopp til innhold

Fengsla i fire veker etter bussran

Ein 28 år gamal nordmøring er fengsla i fire veker, sikta for å ha rana ein rutebuss i Kristiansund med øks.

Bussjåfør rana med øks

Ein kjenning av politiet er sikta for å stå bak bussranet i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes

Det var i 23-tida måndag at ein rutebuss i Kristiansund vart rana av ein mann med øks. Han truga til seg pengar og brukte øksa til å hogge i interiøret. Verken bussjåføren eller dei to passasjerane vart skadde.

Tysdag kveld vart ein kjenning av politiet pågripen og sikta for ranet. No er han varetektsfengsla i fire veker.

LES OGSÅ:

Nektar for å stå bak

– Mannen nektar for å ha noko med ranet å gjere, men han har endra forklaring fleire gongar under avhøyr, seier Alf Rune Rolland. Han er etterforskingsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Politiet meiner dei har rett mann ut ifrå taktiske og tekniske spor. Bussen hadde kamera om bord og politiet har gått gjennom desse opptaka.

Utan bustad

– Pågripinga skjedde etter grundig politiarbeid, seier Rolland.

Mannen er utan fast bustad, men er tilhøyrande på Nordmøre. Politiet er godt kjend med mannen frå før.