Hopp til innhold

Rana bussjåfør med øks

Ein mann trua til seg pengar frå ein rutebuss i Kristiansund i natt. Politiet har førebels ingen mistenkte.

Bussjåfør rana med øks

Ein mann brukte øks som våpen då han trua til seg pengar frå ein buss i Kristiansund seint måndag kveld.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ein mann som snakka nordmørsdialekt gjekk inn i bussen brukte øks til å true til seg pengar frå sjåføren.

– Bussen stoppa på ei busslomme der gjerningsmannen gjekk om bord. Han trua verbalt og begynte etter kvart å hogge i interiøret, fortel operasjonsleiar Sigvart Sivertsen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Hendinga skjedde i 23-tida på ein rutebuss på Gomalandet i Kristiansund.

Prega av hendinga

Det var også to andre passasjerar om bord då ranet skjedde.

– Heldigvis var det ingen som fekk skadar, men det er klart at dei er prega, seier Sivertsen.

Ifølgje operasjonsleiaren sat ikkje dei to passasjerane så nært at dei følte seg direkte trua.

– Det var mot sjåføren truslane vart gjort, seier han.

Passasjerane og sjåføren fekk raskt oppfølging etter hendinga.

– Arbeidsgjevarar var tidleg på banen for å ta vare på sine tilsette. Det er vi glad for, seier Sivertsen.

– Kan vere ein vi kjenner frå før

Ranaren, som snakka nordmørsdialekt, skal ha vore rundt 170 cm høg og vore iført mørke klede med hette. Politiet har enno ikkje oversikt over kor mykje pengar mannen fekk med seg.

– Vi har ingen konkrete mistenkte slik som saka står no. Men vi har ein del informasjon som vi håper vil gje resultat, seier Sivertsen.

– Ut frå åtferda til gjerningsmannen ser vi ikkje vekk frå at det kan vere ein vi kjenner frå før, legg han til.

Fram til klokka 03 søkte væpna politi etter mannen med hundar.

Utover dagen vil politiet halde fram med etterforsking av teknisk og taktisk karakter med blant anna fleire vitneavhøyr.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL