Hopp til innhold

Smølamann (29) dømt til fengsel for å ha rana bussjåfør med speiderøks

Ein 29 år gamal smølamann er dømd til fengsel i eitt år og tre månader for å ha trua til seg pengeveska frå ein bussjåfør ved hjelp av øks.

Bussjåfør rana med øks

I Nordmøre tingrett er ein mann i slutten av tjueåra dømd til fengsel i eitt år og tre månader.

Foto: Eirik Haukenes

Nordmøre tingrett

I Nordmøre tingrett blei smølamannen dømd for grovt ran og oppbevaring av narkotika.

Foto: Hansen, Bjørn / NTB scanpix
Dom nordmøre tingrett

I dommen går det fram at mannen nektar for ranet.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Episoden skjedde på Gomalandet i Kristiansund i desember i fjor, og ifølgje dommen trua han med å drepe sjåføren, dersom han ikkje fekk pengeveska. Ikledd ei svart hettejakke og hanskar trua smølamannen til seg 1400 kroner.

Alt fanga på kamera

Mannen hadde òg på seg ei kvit "Halloween-maske" som kan minne om den typen masker som målvaktene i ishockey brukar. Bussen hadde to passasjerar om bord då den stoppa på haldeplassen, og hendinga blei fanga opp av eit kamera som hang over bussjåføren.

Øksa funnen av politihundar

Ut ifrå den overvakingsvideoen skal mannen ha slått øksa hardt inn i sidedøra til høgre for sjåføren. Deretter skal manne ha tatt sedlane frå pengeveska og forsvunne ut av bussen. Det heile skal ha vart i om lag eit halvt minutt. På vegen vekk kvitta mannen seg med øksa som seinare vart funnen av politihundar.

Nekta for ran – innrømte å ha oppbevart narkotika

I dommen heiter det at dette var eit grovt ran fordi mannen trua med øks. Mannen nektar for å ha rana bussjåføren, men retten har ingen tvil om at det er han som er gjerningsmannen.

Mannen er også dømt for å ha oppbevart ei mindre mengder hasj og heroin heime hos seg sjølv, det har han også vedgått.

Aktor la ned påstand om at mannen skal bli dømd til eitt år og tre månader i fengsel, og han må betale 1400 kroner i erstatning til busselskapet innan to veker.

Tidlegare straffedømt

Mannen er straffa ei rekke gonger tidlegare. Han vart sist dømt i Nordmøre tingrett i august i fjor for kidnapping, vald og tjuveri. Då fekk han seks månader i fengsel.

Det blei sett på som skjerpande at mannen er domfelt og bøtelagd ti gonger mellom juli 2002 og mai 2012.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL