Hopp til innhold

– Straumforsyninga er i orden igjen

Statnett har funne feilen på kraftlinja som førte til eit massivt straumbrot over store delar av Nordvestlandet laurdag kveld.

Straumbrot Nordvestlandet

Statnett var søndag på synfaring ved Tresfjorden for å leite etter årsaka til straumbrotet søndag.

Foto: Statnett

Det fortel kommunikasjonssjef i Statnett, Nina Yong Kviberg, like før klokka halv to søndag ettermiddag.

– Vi har funne ein feil i nettet ved Tresfjorden på kommunegrensa mellom Rauma og Vestnes, seier Kviberg.

– Ein del av ei straum-mast har losna ut av stillinga si, slik at avstanden mellom denne og linja er så liten at det gir overslag. Kombinert med islast er dette truleg årsaka til straumbrotet i går, held ho fram.

Tidleg søndag sette Statnett i gang med synfaring på linja for å finne feilen som var årsaka til straumbrotet laurdag. Fyrst vart det gjennomført visuell synfaring i terrenget, deretter med helikopter.

Mørklagt

Det var i 19.30-tida laurdag at store delar av Sunnmøre vart mørklagt. Innbyggjarar heilt frå Romsdalsfjorden og til fylkesgrensa i Sogn og Fjordane vart råka av straumbrotet, ifylgje kraftselskapet Mørenett. Også Vestnes i Romsdal og Eid i Sogn og Fjordane har vore utan straum.

Det er Statnett som eig og driftar kraftlina, og mellom 70.000 og 80.000 husstandar mista straumen på Nordvestlandet. Alle skal no ha fått att straumen.

– Vi beklagar dei ulempene dette har medført for forbrukarane våre, seier Kviberg

Utpå formiddagen søndag vart vêrforholda så dårlege at Statnett måtte avbryte synfaringa av 420 kV leidninga i Ørskog, men arbeidet vil starte opp igjen så snart forholda tillèt det.

– Straks vêrforholda er betre vil vi kunne utbetre feilen, seier Kviberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL