Jordfeil gjorde at straumen gjekk på Nordvestlandet

Mellom 70.000 og 80.000 husstandar miste straumen på Nordvestlandet. Årsaka var ein feil i hovudnettet. Alle skal no ha fått att straumen.

Mørklagt Ålesund

Ålesund er heilt mørklagt. Slik er situasjonen i store delar av Sunnmøre.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Peter W. Kirkebø

Mange tusen husstandar vart råka av straumfeilen laurdag kveld. Kirkebø i Mørenett seier at dei no brukar eit parallellnett for å forsyne husstandane med straum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var i 19.30-tida at store delar av Sunnmøre vart svartlagt. Innbyggjarar heilt frå Romsdalsfjorden og til fylkesgrensa i Sogn og Fjordane vart råka av straumbrotet, ifylgje kraftselskapet Mørenett. Også Vestnes i Romsdal og Eid i Sogn og Fjordane har vore utan straum.

SISTE: Alle kundane skal no ha fått igjen straumen, ifylgje divisjonsleiar i Mørenett, Peter W. Kirkebø. NRK snakka med han klokka 22.17.

Feil på hovednettet

Det var ein feil på hovednettet mellom Sunndalsøra og Sunnmøre som gjorde at rundt 80.000 husstandar vart straumlause.

– No brukar vi parallellnettet, men det er ikkje nok straum til å forsyne alle. Difor jobbar vi med å produsere straum sjølv, fortel divisjonsdirektør i Mørenett, Peter W. Kirkebø i Mørenett.

Han anslår at mellom 70.000 og 80.000 husstandar vart råka av straumbrotet.

Jordfeil på lina

Straumlaus på Sunnmøre

Mange på sosiale medier har lagt ut bilete av stearinlys i mørket.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Det er Statnett som eig og driftar kraftlina. Nina Kviberg, kommunikasjonssjef, seier at det er ein jordfeil på 420 kv-lina mellom Viklandet og Ørskog.

– Vi beklager ulempene det medfører for straumkundane og vi jobbar så raskt vi kan med å byggje opp att nettet, seier Kviberg.

Dei forsyner straumkundane gjennom line 132 kv frå Kjellbotn til Giske.

Telefonen virkar

Hos Sunnmøre politidistrikt er det aller viktigast at folk kjem gjennom på telefon.

– Telefonen verkar slik den skal og dermed har vi kontakt med folk som skulle trenge hjelp, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre.

Statsministeren vart råka

På sosiale medier er det mange som kommenterer straumbrotet. Medan nokon synest det er fortærande fordi dei har middag i omnen, er det andre som synest det er koseleg. Også statsminister Erna Solberg vart råka av strambrotet. Ho har vore i båtdåp i Tomrefjord, og er i kveld i middagsselskap.

Laster Twitter-innhold

Er straumen attende der du bur og korleis opplevde du det? Skriv gjerne i kommentarfeltet nedst i saka?

70 000-80 000 husttandar miste straumen på Nordvestlandet laurdag.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.