Hopp til innhold

– Sportsdrill er noko heilt anna enn drillpikene i korpset

Dei er Noregs medaljehåp i EM, men konkurrerer i ein idrett få veit om.

Sigrid Slettvoll, Ålesund sportsdrill

Sigrid Slettvoll skal konkurrere både som individuell utøvar og i gruppeunder EM i Frankrike.

Foto: Remi Sagen / NRK

Musikken strøymer for fullt ut av høgtalaranlegget i Hatlane idrettshall. 23 kamuflasjekledde utøvarar frå Ålesund Sportsdrill er godt i gang med dagens åtte-timar lange treningsøkt. Trass eit alderspenn frå 13 til 25 år beveger dei seg synkront til låten «Survivor» av Destiny's Child. Pulsen er høg medan dei gjennomfører koreografien som inneheld dans, akrobatikk og spenstige hopp. Dette samtidig som dei gjer høgtflygande kast med drillstaven. Det er grasiøse bevegelsar kombinert med rein styrke.

Utøvarane skal kjempe for Noreg si ære under EM i Frankrike 4 – 7. juli. For mange er korps og 17. mai det første dei tenker på når dei høyrer ordet drill. Men sportsdrill er noko heilt anna enn drillpikene i korpset, fortel utøvarane Camilla Myklebust Skog (21), Sigrid Slettvoll (18) og Amalie Skeide Sandvik (17).

– Eg får ofte spørsmål om eg marsjerer rundt med korpset. Folk skulle berre vist korleis det er å ta imot ein metallstav som blir kasta minst tolv meter opp i lufta, samtidig som du gjer ein salto eller eit anna triks. Det er ganske vanskeleg, seier Sandvik som har halde på med sportsdrill i over ti år.

Ålesund sportdrill er klare for EM

Ålesund Sportsdrill gjorde det sterkt under NM og stiller med 23 av dei rundt 30 norske utøvarane under EM. Der skal dei konkurrere både i gruppe og individuelt.

Foto: Remi sagen / NRK

– Krevjande idrett

Elisabeth Aasen, Ålesund sportsdrill

Elisabeth Frøyen Aasen er både trenar for Ålesund Sportsdrill og landslaget under EM i Frankrike.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ålesundsklubben gjorde det sterkt under NM og stiller med 23 av dei rundt 30 norske utøvarane. Resten av deltakarane er frå klubbar i Bergen. I Frankrike skal landslaget konkurrere mot dei store nasjonane innan idretten.

– Vi kan gjere det veldig godt i gruppe. Der har vi moglegheit til å kome på pallen. Elles er det tøff konkurranse, men vi håper på å få utøvarane til finalane, seier trenar Elisabeth Frøyen Aasen.

I Noreg er det i dag 14 sportsdrillklubbar med rundt 500 aktive utøvarar. Sjølv om det ikkje er ein stor idrett, er den i stadig vekst. Sportsdrill står særleg sterkt på Vestlandet og i Ålesund hevdar to klubbar seg i Noregseliten. Idretten, som har sitt utgangspunkt i korpsdrill, kombinerer styrke, teknikk, koordinasjon og kondisjon. I tillegg skal ein også ha full kontroll på drillstaven.

 Camilla Myklebust Skog, Ålesund sportsdrill.

Camilla Myklebust Skog trur at mange ikkje er klar over kor krevjande sportsdrill faktisk er.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg trur ikkje alle tenker over kor tøff du må vere for å bli god i denne idretten. Det tek lang tid å få inn teknikken, så ein må vere tolmodig. Det er ein samansett og kompleks idrett som krev mykje av utøvaren, seier Aasen.

Ho får støtte av Lisa Mari Sæther i Noregs danseforbund.

– Ein kan absolutt seie at det er ein undervurdert idrett.

Sæther fortel at då sportsdrill blei ein eigen idrett på 90-talet skjedde det meste av aktiviteten i idrettshallane, medan korpsdrillen framleis marsjerte i gatene. Dette, kombinert med at idretten har relativt få medlemer, gjer at få veit om den, trur Sæther. Ho meiner også at både idrettsmiljøet sjølv og media må bli flinkare til å sette fokus på sportsdrill.

Både fysisk og psykisk

Utøvarane fortel at dei generelt er flinke til å unngå og førebygge skader. Hardast går det utover hender og armar, som får juling når dei skal ta imot staven. Men når ein kastar ein 400 gram metallstav med full kraft høgt opp i lufta, så kan det skje uhell.

Camilla Myklebust Skog, Sigrid Slettvoll, Amalie Skeide Sandvik og Kristina Thomassen Kjerstad

Camilla Myklebust Skog, Sigrid Slettvoll, Amalie Skeide Sandvik og Kristina Thomassen Kjerstad skal alle konkurrere individuelt og i gruppe/tropp under EM. Dei opplever at mange ikkje er klar over kor krevjande sportsdrill faktisk er.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi har hatt ei ganske alvorleg skade der ei fekk staven i ansiktet. Så når vi høyrer at staven går i taket, så er det viktig å sjå ned, for det kan verkeleg gå gale, Sigrid Slettvoll.

I tillegg til alt det fysiske utøvarane må meistre, spelar også det psykiske ein stor del av sportsdrill. Det psykiske er like viktig som det fysiske i sportsdrill, fortel Camilla Myklebust Skog.

– Sjølv om du klarer dei ulike øvingane fysisk, så kan ein miste staven eller gjere feil fordi du ikkje er konsentrert. Så ein er nøydd til å halde fokuset heile vegen. Difor blir det også ein del mental trening.

– Du tenker jo «shit» når staven går i bakken, men så er du berre nøydd til å nullstille. Heng du deg opp i den staven, så mistar du fort fleire, legg Amalie til.

Ålesund Sportsdrill stiller med 23 av 30 utøvarar under EM i Frankrike denne veka.

Ålesund Sportsdrill stiller med 23 av 30 utøvarar under EM i Frankrike denne veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL