Hopp til innhold

– Snart kjem dei upopulære tiltaka

Helse Møre og Romsdal satsar på at prosessar innanfor organisasjonen skal stabilisere økonomien. Men for framtida varslar leiinga endå tøffare grep.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal

Nesteleiar Petter Bjørdal, styreleiar Stein Kinserdal og administrerande direktør Espen Remme under opninga av styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Helse Møre og Romsdal har både etablert ein innsatsstyrke og etablert sentral kontroll over utlysingar av stillingane for å stabilisere økonomien. Lukkast helseføretaket i arbeidet i september, oktober, november og desember hamnar Helse Møre og Romsdal på eit underskot på 111,1 millionar kroner.

Mislukkast organisasjonen er det langt styggare tal som vil kome fram i årsrapporten. For dei siste månadene, juni, juli og august, har alle hatt ei illevarslande utvikling.

– Kan ikkje halde fram

Då styret i Helse Møre og Romsdal diskuterte dei alarmerande tala i dag var fleire representantar opptekne av situasjonen inn i neste år. Også administrerande direktør Espen Remme var tydeleg på at då er tida komen for å ta dei upopulære diskusjonane for å få eit berekraftig helseføretak.

– Eg vil ikkje føregripe neste styremøte. Men det er heilt openbert at vi kan ikkje halde fram med å drive alle dei tenestetilboda som vi driv i dag. Då produserer vi berre det same resultatet. Der vil kome endringar. Dette skal vi signalisere i neste styremøte, seier Remme til NRK.

– Kvardagsgrep

Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag ein plan for korleis helseføretaket skal gjenvinne kontrollen over økonomien. Planen inneber tett oppfølging av alle avdelingane og klinikkane. Utlysing av alle ledige stillingar skal inn til ein sentral kontroll. Og eit medvit om ansvar for kostnadskontroll skal bankast inn i alle ledd i heile organisasjonen.

– Vi er godt i gang. Vi har rigga organisasjonen og er i ferd med å innføre tiltak. Styret er klare på at intesiviteten i dette arbeidet skal aukast. Igjen vil eg vere forsiktig med å førehandssignalisere tiltaka i 2018. Dette kjem opp i neste styremøte. No handlar det å jobbe om dei kvardagsgrepa som vi kan ta for dei komande månadene, seier Remme.

Remme seier at organisasjonen veks utan at føretaket opplever det slik i kvardagen. Han seier også at Helse Møre og Romsdal er ein kunnskapsorganisasjon med over 6000 tilsette.

– Det er ei leiarutfordring å nå ut til heile organisasjonen, seier han.

– Fullt mogleg

Dersom Helse Møre og Romsdal skal nå målet for 2017, altså eit underskot på 111,1 millionar kroner, må kostnadene nedjusterast med to prosent. Styreleiar Stein Kinserdal har framleis tru på at dette skal vere mogleg dei komande månadene.

– Det er fullt mogleg å få til dette. Men det blir ein tung jobb om motstanden i organisasjonen er stor, seier Kinserdal.

– Men kommuniserer leiinga dette tydeleg nok?

– Ja. Eg opplever det slik at direktøren har skjerpa dette og blitt tydelegare i møta med klinikksjefane og elles i føretaket. Også styret har vore opptekne av gode prosessar. Då har kanskje ikkje bodskapen vore så tydeleg. Men no er vi heilt eintydige på at dette er naudsynt for at føretaket skal klare å ta omstillingane som kjem i åra framover, seier Kinserdal.