Hopp til innhold

– Fasaden kan ikkje stå slik ein heil vinter til

Fasadeplatene på sjukehuset i Ålesund lausna under orkanen Tor. Då reparasjonsarbeida tok til blei den omfattande konstruksjonsfeilen oppdaga.

Roteskadar Ålesund sjukehus

Dette er konstruksjonen som fasadeplatene på Ålesund sjukehus er festa til. Dei er sett rett i betongen og fukt har fått herje fritt frå sjukehuset var nytt tidleg på syttitalet.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Det er omfattande utbetringar som må til for å hindre at bygningane på Ålesund sjukehus ikkje får ytterlegare skadar. 13.400 kvadratmeter fasadeareal må skiftast og vindauge og solskjerming må bytast ut.

– Berekonstruksjonane bak fasadeplatene har losna. Bygningsarbeidarane kunne ta ein penn og trykke han inn i berekonstruksjonen, sa administrerande direktør Espen Remme då han orienterte styret onsdag.

– Konstruksjonsfeil

Remme presiserte at det er ein konstruksjonsfeil som har ført til dei omfattande ròteskadane.

– Roten skuldast ikkje manglande vedlikehald. På 70-talet la dei treverket direkte i betongen. Så har det kome inn fukt som har fått renne inn mot vindauga, forklarte Remme.

For å hindre at det skal kome fleire fasadeplater fykande i vinden er deler av fasaden allereie strippa for plater. Det har ført til at betongen no står naken mot ver og vind.

– Betongen er prima. Men han kan ikkje stå naken mot ver og vind ein heil vinter til. Tidsfaktoren er ikkje uvesentleg, sa Remme.

Ny fasade Ålesund sjukehus

Slik skal den nye fasaden på Ålesund sjukehus bli.

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Store kostnader

No skal styret i Helse Møre og Romsdal ta endeleg stilling til saka i oktober. Prosjektet blir delt inn i tre byggetrinn som kvar kostar mellom 80 og 95 millionar kroner. Under styremøtet kom det fram ei viss uro for om kostnadene kan bli større enn planlagt.

– Sannsynlegheita for at dette blir dyrare er stor. Det er ofte slik når ein byrjar å grave i slikt, sa styrerepresentant Kirsti Slotsvik under møtet.

Administrerande direktør Espen Remme sa at det er gjennomført eit omfattande arbeid for å undersøke skadane og at kostnadsvurderingane byggjer på dette arbeidet.

I tillegg til utbetringa av fasaden skal også straumforsyninga ved sjukehuset byggast om. Straumforsyninga er i dag ikkje i tråd med forskriftene.

– Det er kritisk i forhold til drifta og må takast når vi først arbeider med fasaden, sa Remme.

Dette arbeidet er kostnadsrekna til 22 millionar kroner i elektronikk og 13 millionar kroner på byggteknikk. Ikkje noko av dette er pengar som ligg inne i langtidsbudsjetta. Administrasjonen foreslår å søke Helse Midt-Noreg om eit lån på 85 millionar kroner i første omgang.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL