Hopp til innhold

– Sjukehuset i Volda må få behandle alvorlege skadar

Folkeaksjonen for sjukehuset i Volda fryktar at akuttkirurgien ved sjukehuset blir undergravd om ikkje sjukehuset får behalde status som traumesjukehus. Dei bed om at Helse Midt-Noreg utset behandlinga av planen over kven som skal ta seg av sterkt skadde pasientar.

Volda Sjukehus

VOLDA: I mars blei det bestemt at akuttkirurgien ved sjukehuset i Volda skal oppretthaldast, men Volda er ikkje med i planen over sjukehusa som skal ta seg av behandlinga traumepasientar. Denne planen skal behandlast av styret i Helse Midt-Noreg i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

I vinter vedtok i tur og orden både Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg at akuttkirurgien i Volda skal oppretthaldast. No skapar behandlinga av planen for kva sjukehus som skal behandle pasientar som er utsette for skadar og ulukker uro i Volda.

– Vi reagerer på at dette kjem opp i styret i morgon og at styret vil godkjenne ein plan der Volda ikkje har traumefunksjon. Det er vedteke at Volda skal ha akuttkirurgi. Saka som skal opp i styret i Helse Midt-Noreg må utsetjast, seier talsmann for sjukehusaksjonen i Volda, Jørund Knardal.

– Skal ha akuttkirurgi

Planen, som heiter «Nasjonal Traumeplan – Traumesystem i Noreg» handlar om korleis spesialisthelsetenesta skal ta seg av pasientar som har skadar eller som er utsett for ulukker. I denne planen blir det skissert kva ansvar dei ulike sjukehusa har.

Jørund Knardal

Advokat Jørund Knardal er talsmann for Folkeaksjonen for Volda sjukehus.

Foto: Terje Reite / NRK

I Helse Midt-Noreg har Traumesenteret ved St. Olavs Hospital hovudansvaret, men det er organisert som ein kjede der pasientar kan fraktast dit det er fagleg forsvarleg.

– Volda skal ha akuttkirurgi og det er ved traume det er behov for akuttkirurgien. Det er heilt håplaust om her skal vere akuttkirurgi utan at sjukehuset skal ha høve til å ta seg av hardt skadde pasientar, seier Knardal.

– Ingen endringar

Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, Tor Harald Haukås, seier at brevet frå Folkeaksjonen i Volda blir presentert for styret som orienteringssak. Han reknar med at alt roar seg i Volda når dei får svar frå Helse Midt-Noreg.

– Revisjonen av Nasjonal traumeplan fører ikkje til endring ved akuttsjukehusa våre og den traumefunksjonen dei skal vareta, seier Haukås til NRK.

Haukås viser til at akuttkirurgien i Volda skal stå i nært samarbeid med fagmiljøa i Ålesund, og at helseføretaka er ansvarlege for at den naudsynte kompetansen er til stades til ei kvar tid.

– Svært kompetente

Folkeaksjonen for sjukehuset i Volda føler seg ikkje heilt trygge på at vedtaket om at Volda sjukehus skal vere akuttsjukehus er så solid som dei skulle ønskje.

– Kirurgane i Volda er svært kompetente. Ingen kan ta oss på kvalitet. Vi fryktar at ei tilslutning til traumeplanen kan undergrave akuttkirurgien i Volda. Volda fyller alle krav som er stilt i Nasjonal traumeplan. Men vi er redde for kva som kan skje om Volda hamnar utanfor traumeplanen, seier Jørund Knardal til NRK.