Dei ulike helseføretaka hadde alt gjort sine lokale vedtak om å oppretthalde akuttkirurgien ved desse sjukehusa. I dag godkjende styret i Helse Midt-Noreg planane.
Vidareføringa av akuttkirurgisk beredskap ved dei minste sjukehusa er avhengig av at desse sjukehusa inngår tett samarbeid med større sjukehus i same helseføretak.
Samarbeid mellom sjukehusa
Det inneber at Volda-sjukehuset skal stå i nært samarbeid med Ålesund sjukehus, Namsos skal samarbeide med Levanger og Orkdal skal inngå eit tett samarbeid med St. Olavs Hospital.
Administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Stig Slørdahl.
Foto: Pressebilde / Helse Midt-Noreg
Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Ola Strand.
Standardiserte pasientforløp
Eit av grunnlaga for å kunne samarbeide så tett som desse avdelingane skal gjere framover, er arbeidet med å innarbeide standardiserte pasientforløp også i akuttkirurgien. Dette skal mellom anna gjere det enklare for kirurgar å gjere ein jobb i ei operasjonsstove, enten ho er plassert i Volda, Ålesund, Orkdal eller Namsos, Levanger og Trondheim.
– Vi meiner vi har gjort eit godt vedtak i dag. Framtida handlar om samhandling mellom sjukehusa. Vi trur at det i framtida vil handle om ei endå tettare samhandling både innanfor helseføretaka og mellom helseføretaka i regionen, seier styreleiar Ola Strand.
– Må utnytte kompetansen betre
Tett samarbeid mellom sjukehusa var eitt av argumenta som blei brukt også av dei som ivra for å legge det nye, felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal til Hjelset i Molde. Her blei det hevda at det vil vere lettare å få til eit samarbeid mellom det nye sjukehuset og sjukehuset i Ålesund om det blei plassert i Molde enn om det blei plassert i Kristiansund.
Denne tankegangen er tydeleg også når det gjeld korleis akuttberedskapen no blir organisert. I planane for Ålesund og Volda heiter det at «den kirurgiske aktiviteten innan nedslagsfeltet til Volda sjukehus og Ålesund sjukehus skal organiserast, utviklast og drivast som ei felles eining».
– Framover må vi ha tett samarbeid mellom sjukehusa for å få utnytta kompetansen på tvers av dei einskilde sjukehusa, seier Ola Strand.
Vedtaket blir no sendt inn til Helse og omsorgsdepartementet som gjer det endelege vedtaket.