Hopp til innhold

Dette skipet skal kunne cruise deg heilt til Nordpolen

Luksusskipet til 2,7 milliardar kroner, som skal byggast i Noreg, blir tidenes dyraste sivile fartøy per meter.

PONANT isbrytende ekspedisjonsskip, med VARD-design

TIDENES DYRASTE: Dette polare ekspedisjonsskipet, som er 150 meter langt og 28 meter breitt, er det dyraste sivile fartøyet per meter nokon gong.

Foto: Stirling Design International

Skipet er verdas første elektriske hybridskip som skal kunne ta passasjerar både til Nordpolen og Antarktis. Ekspedisjonsskipet er designa av VARD og skal byggast på eit av selskapet sine skipsverft på Sunnmøre for det franske cruiseselskapet Ponant.

Magne Håberg

SPENNANDE: Magne Håberg, konserndirektør for sal og marknad i VARD meiner kontrakten er svært spennande for konsernet.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Dette er ei vanvittig spennande kontrakt. Skipet har eit innovativt design, det har stor kapasitet og er det første kommersielle skipet med så høg isklasse, seier Magne Håberg, konserndirektør for sal og marknad i VARD.

Ein isbrytar

Det betyr at fartøyet er utstyrt med ein baug og eit framdriftssystem som har kapasitet til å bryte is som er 2,5 meter tjukk. Ifølgje Håberg kan fartøyet i praksis ta seg fram kor som helst.

– Har du eit isfjell så vil baugen kunne bryte seg fram og propellsystemet er så kraftig at det vil kunne ete seg bakover om det er naudsynt, seier Håberg.

Det polare ekspedisjonsskipet skal vere klart til levering i andre kvartal i 2021 og franske Ponant freistar allereie cruiseturistar med eksotiske, polare reisemål som den geografiske Nordpolen og Nord-aust Grønland.

Torkjel Skjong, Stig Kile Gjelsten og Magne Håberg

GLADE: Torkjel Skjong (f.v.), konseptdesignar i VARD, Stig Kile Gjelsten, seljar for VARD og konserndirektør for sal og marknad, Magne Håberg, er svært glade over å ha sikra milliardkontrakten.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Miljøvennleg

I tillegg til å vere tidenes dyraste sivile fartøy per meter, er det også det mest miljøvennlege cruiseskipet nokon gong. Skipet skal byggast etter strenge miljøkrav som framleis ikkje regulerer industrien, men som er venta å kome for skip som skal ferdast i sårbare arktiske strok. Hybridskipet vil bli drive elektrisk og med flytande naturgass.

Sjølv om luksuscruise er tanken for skipet, er det laga spesielle kabinar for forskarar som skal forske på dei utsette polområda.

Luksusskipet vil ha plass til om lag 270 passasjerar om bord og eit mannskap på 180. Alle kabinar er utstyrte med private balkongar og elles kan passasjerane nyte godt av både svømmebasseng og restaurantar om bord.

Sikrar arbeidsplassar

Kontrakten på heile 2,7 milliardar sikrar arbeidsplassar ved VARD Søviknes på Sunnmøre som skal bygge skipet. Men den vil òg ha store ringverknadar for folk og andre næringar i regionen.

Frode Klokk

ARBEID: Frode Klokk, verftsdirektør i VARD Søviknes er glad for at kontrakten er med på å sikre verftet arbeid i minst 3 år framover.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– For VARD Søviknes sikrar kontrakten arbeid for minst 3 år framover og det er ein ufatteleg god horisont for oss. Spesielt sidan vi har hatt ei omstillingsperiode der vi har slutta å bygge offshorebåtar og gått over til cruise, seier verftsdirektør Frode Klokk.

Designavdelinga til VARD i Ålesund har i løpet av dei to siste åra dobla tal ingeniørar. I tillegg har VARD Søviknes tilsett to nye ingeniørar i løpet av dei to siste månadane som ein start.

– Når du får store prosjekt og inntekter inn til lokalsamfunna så betyr det alt eigentleg, seier Klokk.

Vard er allereie i gang med å bygge fire ekspedisjonsfartøy for same kunde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL