Hopp til innhold

– Øving er det beste verkemiddelet

Kommunane i Møre og Romsdal øver meir på kriseberedskap enn gjennomsnittet elles i landet.

Ketil Matvik Foldal

Ketil Matvik Foldal meiner at beredskapsøvingar er det beste verkemiddelet for å skjerpe og heve kvaliteten på den kommunale beredskapen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det meiner beredskapsleiar hos Fylkesmannen, Ketil Matvik Foldal.

Fredag morgon kunne ein lese at 72 prosent av alle norske kommunar øver saman med nødetatar og frivillige på å takle ein krisesituasjon kvart andre år.

I dag offentleggjer Røde Kors ein rapport som viser at mange kommunar ikkje har pengar til å følge regelverket om beredskap i kommunane.

– Dagens beredskapssituasjon i Møre og Romsdal er annleis enn på landsbasis. Vi veit at i 2013 og 2014 så har alle kommunar her i fylket auka beredskapen sin, seier Matvik Foldal.

Viktige øvingar

Alle norske kommunar skal øve anna kvart år på krisar som brann, terror og naturkatastrofar. Matvik Foldal meiner at øvingane gir større forståing.

– Kvar gong vi arrangerer slike øvingar få vi tilbakemelding om at dette vil dei ha meir av, seier han.

Matvik Foldal meiner at slike beredskapsøvingar er det beste verkemiddelet for å skjerpe og heve kvaliteten på den kommunale beredskapen.

– Vi lever tett på naturen og naturkreftene, og hendingar og truslar det påverkar oss. Det ligg i ryggmargen for dei fleste å ta omsyn til dette, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL