Hopp til innhold

Ny rapport slår alarm om bølgjer av dataangrep

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) skriv at det er alvorlege hol og manglar i Noreg sitt digitale forsvar.

Oljeraffineriet på Mongstad

MONGSTAD: Politiets tryggingsteneste (PST) leverte i fjor ein rapport som understreka at norsk olje og gass har stor tryggingspolitisk verdi for Russland.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) åtvarar om bølgjer av dataangrep i rapporten «Nasjonalt digitalt risikobilete», som vart lagt fram i dag.

Særleg blir «profesjonaliserte, målretta og avanserte» cyberangrep mot gassforsyninga løfta fram.

Cybertryggleik må prioriterast for å unngå store samfunnskonsekvensar, seier direktør Sofie Nystrøm i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

I eit normalår står inntektene frå olje-, gass- og straum for om lag 500 milliardar kroner i den norske statskassa.

I fjor vart dei same inntektene berekna til rekordhøge 1457 milliardar kroner som følgje av endringane i det energipolitiske landskapet etter at Russland invaderte Ukraina.

– I mange av tilfelle oppgir russiskspråklege hacktivister at motivasjonen er Noreg si støtte til Ukraina. Det er sannsynleg med fleire angrep mot norske verksemder i takt med norsk støtte til Ukraina, seier Nystrøm.

Kabelen bærer preg av å være kuttet etter at den er revet løs, sier Troms politidistrikt. Kabelbrudd ved Lofoten-Vesterålen havobservatorium (LoVe).

To gonger har sjøkablar på norsk havbotn vorte skadde under mystiske omstende dei siste åra.

Foto: Troms politidistrikt

– Påminning om at cybertrusselen er høgst reell

I juli vart regjeringa utsett for eit dataangrep retta mot dataplattforma til tolv departement.

– Dette er ei påminning om at cybertrusselen er høgst reell og ein stor del av den nye tryggingspolitiske situasjonen vi lever i, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Når spenningsnivået i internasjonal politikk aukar såpass som det har gjort dei siste åra, så blir mange av utfordringane ein visste om frå før sett på spissen, seier Lars Gjesvik ved NUPIs forskingssenter for digitalisering og cybertryggleik.

Han karakteriserer det som «interessant, og så klart ikkje bra» at NSM meiner at det førebyggjande arbeidet går tregare enn utviklinga på angrepssida.

Då er situasjonen at vi er dårlegare rusta til å forsvare oss. Sånn sett er dette eit forsøk på å heve stemma samanlikna med rapporten frå i fjor.

NRK forklarer

Dette kan Norge gjøre for å få bedre sikkerhet

Dette kan Norge gjøre for å få bedre sikkerhet

47 råd for bedre sikkerhet

NSM kommer med hele 47 råd for hvordan sikkerheten kan heves. De kan kategoriseres gjennom tre hovedpunkter:

Dette kan Norge gjøre for å få bedre sikkerhet

1. Infrastruktur

NSM ser et behov for en betydelig opprustning rundt den viktigste infrastrukturen i Norge. Det er behov for større bevissthet og risikoforståelse rundt telekommunikasjon, satellittjenester, strømleveranser og olje- og gass.

– Infrastruktur med særlig sikkerhetspolitisk betydning har ikke blitt tilstrekkelig prioritert i nasjonal verdikartlegging og er ikke godt nok sikret, skriver NSM i rapporten.

Dette kan Norge gjøre for å få bedre sikkerhet

2. Forstå truslene bedre

NSM mener norske myndigheter må se på det komplekse trusselbildet vi står overfor i dag og ha en mye bedre trussel- og risikoforståelse.

– Den situasjonsforståelsen vi står i – og kommer til å stå i, må være bedre håndtert og vi må styrke den, sier Nystrøm.

Dette kan Norge gjøre for å få bedre sikkerhet

3. Cyberangrep

Norge trenger å bygge motstandskraft mot cyberangrep. Her peker NSM på at det er store mørketall.

– Det er blitt hverdagskost – helt fra det nasjonale bildet, til kommunene og enkeltindividet. Vi må løfte opp grunnsikringen i Norge betraktelig, forklarer Nystrøm.

–​​ Skremmande, men ikkje overraskande

Rapporten frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) inngår i ein serie utgreiingar som åtvarar mot auka trusselfare.

Denne rapporten er skremmande, men ikkje overraskande, seier Øyvind Husby, administrerande direktør i IKT Noreg.

Han viser til at Noreg har brukt sju år på å innføre EU-direktivet NIS 1, som skal sikre eit høgt felles nivå for tryggleik i nettverks- og informasjonssystem i heile unionen.

Tidlegare i år vart NVE, Politiet, Oljedirektoratet, Helseføretaka, Utanriksdepartementet og Justisdepartementet kritisert av Riksrevisjonen for arbeidet sitt med digital tryggleik.

– Dette kan få alvorlege konsekvensar for kritiske samfunnsfunksjonar og nasjonale tryggingsinteresser, stod det rapporten som vart lagt fram i februar.

Med utgangspunkt i uromeldingane lanserte IKT Noreg i oktober eit «Vegkart for cybertryggleik i Noreg».

Selskapa har skjerpa planverk og tiltak

Tidlegare i år har PST, E-tenesta, Petroleumsinstituttet og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) peika på at petroleumssektoren er eit særleg utsett sabotasjemål.

Dette er vi veldig opptekne av, og vi har jobba systematisk over mange år for å styrkje robustheita vår mot cyberangrep, seier Gisle Ledel Johannessen i Equinor.

Han viser til at selskapet samarbeider med NSM for å styrkje cyberforsvaret gjennom konkrete tiltak.

Vi opplever at styresmaktene har cybertryggleik høgt på dagsordenen. Dette er eit felt i hurtig utvikling som krev systematisk arbeid over tid.

Seksjonssjef i Offshore Noreg, Aud Nistov, seier dei tek omsyn til trusselvurderingane som norske styresmakter utarbeider.

Vi har tett dialog med medlemsselskapa våre, og vi er kjende med at selskapa har skjerpa planverka og tiltaka sine, seier ho.

Les også NRK avdekker russisk etterretning fra fartøy - her fant politiet militærradioer

Bildekombinasjon av en sovjetisk radio, russiske fartøys ais-sporing, og fiskefartøyet "Taurus".

Cyberforsvaret: – Vi har sett denne utviklinga vekse fram over tid

Rapporten til Nasjonalt tryggingsorgan viser også at det er fleire digitale truslar mot Forsvaret og Forsvarssektoren.

Auka i volum må nok sjåast i samanheng med den tryggingspolitiske situasjonen som Noreg og Europa står oppe i, seier Knut H. Grandhagen i Cyberforsvaret.

Han legg til:

Forsvaret har sett denne utviklinga vekse fram over tid, og gjer løpande tiltak for å tilpasse tryggingsmekanismane sine opp mot den trusselen.

Utanfor norskekysten er det om lag 9000 kilometer med røyr som transporterer olje og gass til og frå Noreg.

Les også Skarp kritikk mot «bleik» og «utvatna» tryggingslov

Fabrikken Bergen Engines sett fra luften, med fjord i bakgrunnen.