Hopp til innhold

– No kan eg kome meg vidare

Glen Børge Løset Flø er glad for at retten har trudd han to gonger. Ulstein kommune ankar ikkje dommen etter mobbesak.

Glen Børge Flø

Glen Børge Løset Flø er glad og letta etter at Ulstein kommune ikkje ankar saka etter mobbedommen i Frostating lagmannsrett.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Det er utruleg godt å vere ferdig med dette. No kan eg kome meg vidare i livet mitt, seier Glen Børge Løset Flø (29) til NRK Møre og Romsdal.

Tysdag vart det klart at Ulstein kommune ikkje ankar mobbedommen.

– Ein lang kamp

Han føler at det har vore ein lang kamp, og at det har tatt på kreftene.

– Dommen betyr at eg no kan fokusere på dagleglivet igjen. Det er godt å vite at retten har trudd meg to gonger.

Ulstein kommune seier seg lei for at Glen Børge Løset Flø vart mobba og hadde vonde opplevingar i skulekvardagen, utan at kommunen lukkast i å stoppe det.

Vedtaket om å ikkje anke saka vart gjort av formannskapet i Ulstein tysdag.

Ordfører Knut Erik Engh

Ankar ikkje: – Ulstein kommune aksepterer dommen, seier ordførar Knut Erik Engh (Frp).

Foto: Andrine Davidsen / NRK

I ankesaka i lagmannsretten vart det konkludert med at Flø vart mobba av medelevane frå han begynte på skulen i første klasse til han gjekk ut av ungdomsskulen etter fullført 10. klasse. Mobbinga bestod av både fysisk og psykisk vald, ifølgje lagmannsretten.

I dag er 29-åringen student ved Universitetet i Bergen.

– Dette er ein god dag. Det viser at det nyttar å gå til sak. Eg vil at andre skal sjå at det er verd å stå på, seier Glen Børge Løset Flø til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL