Hopp til innhold

Kan inspirere andre offer for mobbing

– Det kan vere store mørketal der fleire som har teke skade av mobbing i skulen kan gå til domstolane for å få erstatning. Det seier advokaten til Glen Børge Løset Flø som vann over Ulstein kommune også i lagmannsretten.

Glen Børge Flø

Glen Børge Løset Flø vann mobbesaka han reiste mot Ulstein kommune. No vonar han at andre mobbeoffer skal ha mot til å opne liknande saker.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Glen Børge Løset Flø er tilkjent 1,3 millionar kroner i erstatning fordi Ulstein kommune ikkje sette i verk dei rette tiltaka for å stoppe mobbinga. Ulstein kommune har enno ikkje bestemt seg for om dei vil anke domen.

Etter å ha blitt mobba på skulen i ei årrekkje gjekk Flø til rettssak mot kommunen. Han seier til NRK at han ønskjer å kome vidare med livet sitt. Og han ønskjer at saka hans kan vere til inspirasjon for andre.

– At eg står fram i media handlar om å hjelpe dei somsom til no ikkje har turt å gå inn i ei slik rettssak. Forhåpentlegvis vil andre no tore å gjere det same om dei kjem opp i ein tilsvarande situasjon, seier Flø.

– Fleire saker

Lars Henrik Windhaug

Lars Henrik Windhaug er advokaten til Glen Børge Løset Flø.

Foto: Pressebilde / Codex Advokat

Saka til Glen Børge Løset Flø har allereie fått fleire til å melde seg med mobbesaker som dei vil prøve for retten. Særleg då saka til Flø var oppe i tingretten fekk advokaten hans fleire førespurnader om hjelp.

– Det er fleire som blir klar over at det finst nokon ein kan halde ansvarleg for det som har skjedd. Og det er absolutt store mørketal med fleire som burde få saka si prøvd for retten. Mobbing er eit alvorleg problem, det skjer heile tida og det skjer ofte i det skjulte, seier advokat Lars Henrik Windhaug i Codex Advokat Oslo AS.

Økonomi

Det kan vere mange årsaker til at folk som har vore utsett for mobbing vegrar seg mot å bringe saka inn for domstolane. Enkelte kan føle det som ei belastning å få fokus retta mot seg, og det kan følast skamfullt å rippe opp i gamle står og framstå som eit offer. Andre kan frykte dei økonomiske følgjene om dei taper saka.

– Mange kan ha krav på fri rettshjelp og fri sakføring. I nokre saker kan også ei innbu- eller villaforsikring få forsikringsdekning for slike utgifter. Det finst også unnatak frå regelen om at den som taper ei rettssak skal betale sakskostnadene. Sjølv om ein kommune vinn saka er det ikkje alltid slik at den som går til sak må betale sakskostnadene, seier Windhaug.

– Kan lære av dommen

Ifølgje domspapira slår lagmannsretten fast at skulen og kommunen ikkje definerte Flø-saka som ei mobbesak, og at skuleleiinga behandla vanskane med utgangspunkt i dårleg skulemiljø. Dermed flei ikkje Flø definert som eit offer for mobbing og handlingane til medelevane blei ikkje definert som noko det måtte setjast ein umiddelbar stoppar for.

– Det kan vere god grunn for at andre norske kommunar kan sjå til denne dommen. For å bli betre kan ein lære av feil. Det kan vere fornuftig å sjå kvar systemet svikta. Her kunne situasjonen ha blitt handtert annleis om ein definerte situasjonen til Flø som mobbing, seier Windhaug.