Hopp til innhold

Ulstein ankar ikkje mobbedom

– Kommunen seier seg lei at Glen Børge Flø vart mobba og hadde vonde opplevingar i skulekvardagen, utan at kommunen lukkast i å stanse det, seier ordførar Knut Erik Engh (Frp)

Ordfører Knut Erik Engh

Knut Erik Engh (Frp) er ordførar i Ulstein kommune

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Vedtaket om å ikkje anke saka vidare blei tatt av formannskapet i Ulstein i dag.

Glen Børge Løset Flø

Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot Ulstein kommune for mobbing i skulen gjennom oppveksten.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Vi aksepterer domen og at retten slår fast at Flø vart mobba gjennom grunnskulen, skriv kommunen i ei pressemelding.

I Frostating lagmannsrett blei kommunen dømd til å betale personerstatning, sakskostnader og utgifter til sakkunnig vurdering. Retten slår fast at kommunen kan bebreidast for at ein ikkje gjorde nok for å stanse mobbinga.

Kommunen skriv i pressemeldinga at rettssaka og domen gjer dei endå meir medvitne på kor avgjerande det er å førebygge, avdekke og stanse mobbing. Alle elevar har krav på ein trygg og god skulekvardag.

Kommunen anka tidlegare i år domen frå tingretten for å få deler av saka grundigare vurdert. Anken til lagmannsretten førte delvis fram når det gjeld spørsmålet om årsakssamanheng og utmåling av erstatning.

Vedtaket om å ikkje anke domen frå lagmannsretten, er i tråd med tilrådinga frå rådmannen i Ulstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL