Hopp til innhold

– Ein overveldande siger etter fleire år med mobbing

Glen Børge Løset Flø vann mobbesaka han reiste mot Ulstein kommune. Lagmannsretten held fast ved at kommunen skal betale millionerstatning til Flø.

Glen Børge Flø

Overveldande glad: Glen Børge Flø blei mobba i skuleåra. Frostating lagmannsrett har konkludert med at heimkommunen gjorde for lite for å stoppe mobbinga. No må Ulstein kommune ut med over ein million kroner i erstatning til Flø.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

I dag er Glen Berge Flø (29) overvelda og glad. Han ser på dommen som ein klar siger.

– Dette er heilt overveldande. Eg vann og eg blei trudd. Det er fantastisk, seier Glen Børge Flø til NRK.

Blei mobba på skulen

I ankesaka konkluderer Lagmannsretten med at Flø blei mobba av medelevane frå han begynte på skulen i første klasse til han gjekk ut av ungdomsskulen etter fullført 10. klasse.Mobbinga bestod av både fysisk og psykisk vald, ifølgje lagmannsretten.

– Eg har så mykje kjensler inne i meg no at eg er heilt lamma, seier Flø.

Hasund skule

Hasund skule. Det var ved denne skulen Flø gjekk på barneskulen. Mobbinga toppa seg i 4. og 5. klasse.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Utilstrekkelege tiltak og manglande strategi

Lagmannsretten kjem med omfattande kritikk av korleis Ulstein kommune takla mobbesaka. Handlingane mot Flø var ikkje klart definerte som mobbing, tiltaka var utilstrekkelege og kommunen mangla ein strategi for korleis Flø skulle beskyttast mot mobbing, skriv lagmannsretten. I staden for å konstatere at Flø blei mobba og å plassere ansvaret på dei som plaga han blei situasjonen definert som «dårleg miljø og samhandlingsproblem», heiter det i dommen.

– Treng meir tid

Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp), ønskjer førebels ikkje å kommentere dommen.

– Vi har motteke dommen og vi tek dommen til vitande førebels. Så skal vi kome tilbake og kommentere han når vi har fått studert premissane for dommen, seier han.

Toppa seg i 4. klasse

Ein episode i samband med ei feiring av fødselsdag blei brukt i retten som eksempel på mobbinga som Flø blei utsett for. Fleire medelevar gjekk då, ifølgje retten, planmessig til åtak på Flø. Dei la han i bakken og sperra han inne mellom to fotballmål. Deretter sto medelevane i ring rundt han, heldt han innesperra og stakk han med kjeppar.

Ulstein ungdomsskule

Glen Børge Flø blei trudd på at mobbinga også gjekk føre seg ved Ulstein ungdomsskule. Kommunen hevda at mobbinga var avgrensa til ungdomsskuletida.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kommunen kjende til mobbinga

Ulstein kommune vedgjekk i retten at dei kjente til at Flø blei mobba. Men kommunen meiner at mobbinga berre gjekk føre seg på barneskulen og ikkje på ungdomsskulen. Under rettssaka la kommunen også fram ei rekkje tiltak som dei hevda blei sett i verk for å bøte på mobbinga.

– Vil kome vidare i livet

Frostating lagmannsrett har dømt Ulstein kommune til å betale 1 310 876 i erstatning til Flø. Ulstein kommune må betale utgiftene til sakkunnig vurdering og sakskostnader. Domen er samrøystes.

– For min eigen del gjennomførte eg rettssaka for å kome meg vidare i livet. At eg står fram i media handlar om å hjelpe dei som kanskje ikkje tør gå inn i ei slik rettssak. Forhåpentlegvis vil andre tore å gjere det same om dei kjem opp i ein tilsvarande situasjon, seier Flø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL