Hopp til innhold

– No har øybuarane fått nok

Problema vil ingen ende ta for dei reisande i sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy.

MF Kvam krasja i kaia på Voksa

KRASJA I KAIA, KNAKK BOMMEN: Samanstøyten var kraftig då MF Kvam traff kaia på Voksa fredag kveld.

Foto: Erlend Vikene

Bjørn Flatøy

OPPGITT: Bjørn Flatøy er nabo til ferjekaia på Voksa, og er lei problema med ferjene.

Foto: Privat

Ut på kvelden langfredag kræsja ferja MF Kvam inn i ferjeleiet på Voksa, skriv smp.no . Det er ikkje kjent kva som var årsaka til uhellet.

Nabo Bjørn Flatøy seier det er berre flaks at ingen personar vart skadd.

– Ferja slo hardt inn i kaia slik at bommen fauk over på oppstillingsplassen. Der står alltid folk der og ventar på ferja, fortel han til NRK.

– Heile rekkverket var krølla, legg han til.

Ikkje fyrste uhellet

Uhellet er ikkje det fyrste som skjer med ferja. Tidlegare denne månaden gjekk Kvam i kaia på Lepsøya, men kom raskt i drift att.

– Det er heilt utruleg kor mykje styr det har vore etter at Tide tok over drifta av sambandet, seier Flatøy.

Tide Sjø tok over drifta av sambandet i 2008.

I januar 2012 skifta Tide Sjø namn til Norled, etter at ferjedrifta vart delt ut av konsernet. No har innbyggjarane på øyane i Sande har fått nok av ferjeproblema i sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy.

– Eg synast det er skremande, seier Flatøy.

– Utryggheita som har vore når Strandebarm gjekk her, har vorte forsterka etter dette uhellet.

Kunne blitt personskadar

Flatøy syns det er alvorleg at slike ting skjer, og seier at om eit slikt uhell skjer medan folk ventar på ferje kunne det gitt alvorlege konsekvensar.

– Eg tenkte på det då eg la meg i går kveld. Dette var i grunnen ei alvorleg hending. Det kunne ha skjedd personskadar. Den bommen er ganske tung, seier han.

– Rekkverka var bretta til sides og røra som held bommen var vekke. Før har det vore maskinskader og litt forskjelleg, men denne gongen kunne det ha vore alvorleg.

Har sett inn passasjerbåt

No er Flatøy lei problema, og håper det blir betre for dei reisande.

– Eg trur folk har fått nok. Det som skjer er at folk får ei utryggheit og lurer på kva som blir det neste. Kva ferje er det som kjem når Kvam ikkje går, det kjem vel ei slik lita ei som ikkje tek bilar.

Ferjeleiet på Voksa er ute av drift. Det er sett inn skyssbåt for passasjerar til å frå Voksa. Skyssbåtem følgjer rutetida til ferja.

– Klart ikkje dette er bra nok. Folk som er her ute skal no reise heimatt og då vil dei ha med bilane sine. Ein skyssbåt kan berre frakte folk inn til Larsnes, så må dei ta buss eller drosje derifrå. Så det er ikkje bra nok i det heile tatt, nei.

– Dette er noko som ikkje skal skje. Men det kjem sikkert til å skje igjen. Det er igrunnen det vi tenkjer på, då.

– De har ikkje trua på at det vert noko snarleg betring?

– Det er så ofte styr at eg har rett og slett mist trua på dei.

Prøver sitt beste

– Vi forstår at innbyggjarane er frustrerte og klagar på kapasiteten, seier administrerande direktør i Norled, Ivan Fosse.

Han meiner at ferjeselskapet gjer sitt aller beste og at Statens vegvesen også må ta skuld for at situasjonen har blitt slik den er. Dei har starta ombygging av kaia i sambandet Årvika-Koparneset. Norled måtte difor bruke ferja Austevoll i ei midlertidig ferjerute mellom Åram og Larsnes. Dette er den ferja Norled har i beredskap.

Spurte Fjord1 om hjelp

– Vi har snudd opp ned på drifta for å sette inn ei ferje, og er smerteleg klar over at "Strandebarn" har altfor liten kapasitet, seier Fosse.

Norled har også vore i kontakt med Fjord 1 for å leige ferje av dei, men dei kunne ikkje hjelpe.

Ferja "Kvam" vert ikkje sett i drift att før ein finn ut om det var ein samanheng mellom dei to hendingane. Også Sjøfartsdirektoratet skal om bord og kontrollere ferja.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL