Hopp til innhold

Ferja gjekk på grunn

M/F Kvam enda opp i fjøresteinane på Åram.

M/F Kvam på grunn

Slik såg det ut då M/F Kvam låg på grunn på Åram i Vanylven søndag 8. mars.

Foto: Kjell-Wernik Nystøyl

- Vi veit ikkje kor store skader det er snakk om enno, seier trafikksjef i Tide Sjø Lars Juvik.

- Ein slepebåt skal ta den til verkstad på Vegsundet i kveld.

Vind

MF "Kvam" i rute Jondal - Tørvikbygd
Foto: Harald Sætre

På grunn av vind då ferja skulle legge til kai på Åram søndag formiddag gjekk ho på grunn.

- I ein fjord får vi ofte kastevindar og det kan ha store konsekvensar for bevegelsane i ferja, seier kaptein ombord i M/F Kvam, Arnt Skinnes.

Mannskapet vil vurdere kor store skadane er, men han seier at hendinga gjekk udramatisk for seg.

Ingen personskader

Det var ein bil ombord i ferja og ingen personar har kome til skade under grunnstøytinga seier Skinnes.

Reserveferja MF Austrevoll er no satt inn i ruta mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøya.

Første avgang var 15.25 frå Kvamsøya. Ferja er forseink, men rekner med å vere i rute klokka 18.00.