Hopp til innhold

– Mange titals millionar får sjå distriktet vårt

Alle som deltok i produksjonen av Amazing Race har hatt munnkorg sidan i fjor sommar. Men no rullar sesong 29 av verdssuksessen på TV i USA, Canada og Australia. Dermed kan dei lokale hjelparane lette litt på sløret.

Bente Saxon

Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre koordinerte arbeidet med opptaka for Amazing Race i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ein enorm reklameverdi i eit prosjekt som Amazing Race. Fleire titals millionar menneske følgjer med på desse programma over heile verda.

Eg har sett litt av det eine programmet. Og dette er over all forventning. Byen og distriktet blir vist fram på ein fantastisk måte, seier Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

I programmet landar dei amerikanske deltakarane på Vigra, og sjåarane får bli med på ei hektisk reise gjennom heile distriktet.

Dei som er i USA og Canada har høve til å sjå episodane som er sende på TV til no. Men episodane er framleis blokkerte for sjåarar utanfor USA og Canada. CBS har heller ikkje lagt ut pressebilete for sesong 29 enno.

Amazing Race frivillige

Denne transporten av «rakettar» gjennom Ålesund bys kater vekte nok litt oppsikt i juni 2016. Men svært få visste at dette var førebuing til eitt av opptaka til Amazing Race.

Foto: Bente Saxon

Svært hemmeleg

Utan at «nokon» visste om det var eit av dei største TV-selskapa i USA, CBS, i Møre og Romsdal ti dagar i juni i 2016 og gjorde opptak til serien. Nokre visste likevel om det. For CBS var avhengige av mange lokale hjelparar. Hjelparane blei pålagde å halde tett.

– Alle som var involverte har halde tett. Vi har hatt ganske heftige kontraktar som alle måtte skrive under på. Vi har ikkje hatt lov til å snakke om dette før det gjekk på lufta, fortel Bente Saxon.

NRK har sett kontraktane hjelpemannskapa har signert. Brot på kontraktane kan føre til store bøter, går fram det av dokumenta.

– Mange var nok litt redde for å signere desse kontraktane, seier Saxon.

TELEVISION-EMMYS Executive producer Bertram van Munster accepts the award for Outstanding Reality-Competition Program for "The Amazing Race" onstage during the 66th Primetime Emmy Awards in Los Angeles

Programserien The Amazing Race fekk i 2014 den høgthengande Emmy-prisen for beste konkurranseprogram.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Mange frivillige deltok

Om lag 60 frivillige frå Møre og Romsdal var engasjert i arbeidet med opptaka. Og planlegginga starta fleire veker før konkurrentane og TV-teama kom.

– Det var rekognoseringar i mai i fjor. Og vi la stor vekt på å finne opptaksstader som kunne gje god reklame for Ålesund og distriktet rundt, fortel Saxon.

Frå Tanzania til Ålesund

Amazing Race er eit kappløp som går over heile verda. 5 par konkurrerer mot kvarandre. Under beinhardt tidspress skal dei kome seg til neste stad. Det er eit realityprogram. Taparen på kvar stad er ute av konkurransen.

Deltakarane er akkurat ferdige med konkurransane i Dar el Salaam i Tanzania når dei får beskjed om at neste konkurransestad er Ålesund i Noreg. Vi følgjer deltakarane som hastar av stad til flyplassen. Tilfeldigheitene og rutetidene gjer at alle deltakarane hamnar på same fly til Amsterdam og vidare til Ålesund.

– Welcome to the Kingdom of Norway

 Phil Keoghan

Dette er programleiaren Phil Keoghan som ønskjer sjåarane velkomne til Ålesund og fjordane i Møre og Romsdal.

Foto: TAMMIE ARROYO / Ap

På Fjellstua i Ålesund ønskjer programleiaren velkomen til Kongeriket Noreg, med verdas største konsentrasjon av fjordar. Her blir vi vitne til ein heidundrande konkurranse for å kome seg til Høgsteinen fyr på Godøya. Dei skal hjelpe til med bygging av Slinningsbålet. Det blir helikoptertur inn gjennom fjordane til Geiranger. Store deler av distriktet er med før det heile blir avslutta på Åndalsnes.

Ved fleire høve bryt deltakarane ut i overstadig lovprising av landskapet, fjordane og byen dei er i.

Eg er så overraska over at alle har klart å halde dette hemmeleg heilt til no. Det var så mange kamera over heile byen og ikkje minst på Fjellstua under opptaka. Deltakarane bar på eit kart som det sto Amazing Race på, så eg veit at nokre skjønte kva som var på gang. Men det kom ikkje ut, så heldigvis klarte vi å halde det hemmeleg, fortel Bente Saxon.

Store forventningar

Og Bente Saxon har forventningar til at satsinga kan føre til auka turisme til området.

– Det er tosifra millionar sjåarar som følgjer desse programma. So no får vi sjå kva som skjer, seier ho med eit optimistisk smil.