Hopp til innhold

– Mange er naive når det gjeld datasikkerheit

Teknologianalytikar Geir Balsnes meiner at bedrifter og tilsette kan bli flinkare til å sikre seg mot dataangrep.

Datasikkerhet

Det er uklokt å kople seg til trådlause nettverk som du ikkje er sikker på, seier Geir Balsnes.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Digitalisering og teknologi blir ein stadig større del av kvardagen til dei fleste av oss. Det kan ha mange positive effektar og blant anna gjere arbeidskvardagen vår lettare. Men det kan også gjere oss meir utsette for dataangrep.

– Framleis låser mange døra, men gløymer at dei viktigaste verdiane, som ofte er digitale, ligg heilt opne, seier Geir Balsnes. Han er visepresident og partnar i Gartner Norge, som er eit analyseselskap innan teknologi. I dag deltok han på ei sikkerheitskonferanse i regi av IT-firmaet Atea i Ålesund. Formålet var å gi norske bedrifter meir kunnskap om korleis dei aktivt kan jobbe med sikkerheit og innføring av ny teknologi.

– Mange gløymer å sikre seg

Ei undersøking frå i år viser at norske leiarar fryktar dataangrep meir enn konjunkturnedgang eller ei ny finanskrise. Men samtidig som frykta for dataangrep er størst, fortel kvar fjerde bedrift at dei ikkje er godt nok sikra mot dette. – Det er fleire feller bedriftsleiarar og tilsette kan gå i, seier Balsnes.

Geir Balsnes

Geir Balsnes trur at mange er naive når det gjeld å sikre seg på nett.

Foto: Gartner Group

– Mange sit på telefonen når dei er ute og reiser. Ofte koplar dei seg til trådlause nettverk for å spare pengar og då kan hackarane sitte klar.

Ved å kople seg på slike nettverk opnar du opp for at andre kan få tilgang til informasjon eller andre nettverk gjennom datamaskina eller mobilen din, seier Balsnes.

– Dermed kan dei følge deg inn i nettverket både heime og på jobb, utan at du veit at dei er der.

Nyleg blei det kjent at Cambridge Analytica (CA) skal ha samla inn personopplysningar om opptil 87 millionar Facebook-brukarar. Balsnes trur mange er naive når det gjeld å sikre seg på nett.

– Vi seier ja til for mange vilkår utan at vi veit kva dei betyr, og så samlar det informasjon om oss. Folk flest er stort sett for uforsiktige med å dele informasjon om seg sjølv.

– Kunnskap er viktig

Balsnes vektlegg at verda berre vil bli meir og meir digitalisert, og at datasikkerheit er noko alle bedrifter må lære seg å takle, uansett kor store eller små dei er.

– Ofte handlar det om å bruke sunn fornuft. Bedriftene bør gjere ei analyse for å forstå det risikobildet dei har og kor utsett dei er. Då er det lettare å sjå kva dei må beskytte seg mot.

Balsnes seier at mykje handlar om kunnskap og haldningar. Difor er det viktig at bedriftsleiarane greier å kommunisere informasjon om datasikkerheit til dei tilsette. Denne kunnskapen må også haldast ved like.

– På den måten kan ein unngå at tilsette trykker på lenker eller opnar e-postar som er usikre. Mange bedrifter kan ha gode sikkerheitssystem, men så kjem det slike banale ting og øydelegg. Det å løfte kunnskapen hos dei tilsette er ei føresetnad for å unngå slike feil.

Eit anna tips er å prøve å skilje privat og jobb, og vere bevisst på kva du legg ut på nett og deler.

– Eg har ein eigen privat e-post som eg brukar når eg handlar på nett og bruker aldri jobbadressa til private ting, seier Balsnes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL