Hopp til innhold

– Dette må absolutt fjernast

Kulturminneetaten slår fast at måleriet umogleg kan ha livets rett. Noreg er forplikta til å ta vare på kulturminna i verdsarvområdet.

Geiranger Holebakk

Slik ser husveggen på Holebakk ut i dag. Fylkeskonservatoren ser på dette som eit alvorleg innhogg i eit kulturminne i verdsarvområdet.

Foto: Tor Hole

Huset på husmannsplassen i Geiranger er truleg frå 1700-talet. Det står midt i UNESCO sitt verdsarvområde. i fjordane på Sunnmøre. Ifølgje statuttane for verdensarvområdet er Noreg forplikta til å halde kulturminna i opphavleg stand.

Skal Geiranger-området behalde verdsarvstatusen, må mange kriterium følgjast. Vi må mellom anna bevare kulturminna i området, seier Siv Aksdal hos Fylkeskonservatoren.

Fekk sjokk

Det var grunneigar Tor Hole som oppdaga måleriet då han besøkte husmannsplassen sist helg. Han fekk sjokk då han såg dei to kvinnehovuda på veggen.

– Eg heldt på å dette på ræva då eg såg det. Nokon hadde mala to ansikt på den eine husveggen. Det kan godt vere gjort av ein med kunstnarlege evner. Men slik det er gjort, er det rett og slett hærverk, seier Tor Hole.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Vanskeleg å fjerne

Oppslaga i media onsdag har fått Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal umiddelbart til å setje i gang for å få fjerna måleriet. Måleriet skal vekk. No greier dei ut korleis arbeidet skal finansierast og korleis arbeidet skal utførast.

– Vi undersøkjer no korleis måleriet er gjort, og vi prøver å få tak i pengar slik at vi kan få fjerna måleriet. Det er målt på mange hundre år gammalt materiale, og husveggen er umåla frå før. Vi kan altså ikkje berre dekkje til måleriet, seier Aksdal.

Slik Fylkeskonservatoren vurderer saka i dag, er det uaktuelt å la måleriet bli ståande.

Ja, det er uaktuelt. Dette er er noko som ikkje høyrer heime på denne bygningen. Huset er svært gamalt, og jo eldre det er jo meir verneverdig er det, seier Aksdal.

Huset er truleg frå 1700-talet, og det er godt teke vare på. Dermed har saka fått høg prioritet hos Fylkeskonservatoren.

Vi ønskjer at dette bygget skal førast tilbake til den standen det var i tidlegare, seier Aksnes til NRK.

På nettet går debatten no høgt. Spørsmålet er om bygget har fått tilført ny verdi, om dette er kunst, eller om dette er vandalisme, øydelegging av privat eigedom og ein fare for verdsarvstatusen i området.

Ein kan nok sjå på dette på mange måtar. Vår rolle er imidlertid å ta vare på gamle bygningar. Ut frå dette høyrer ikkje måleriet heime på eit slikt bygg. Dei som vil måle på husveggar får heller finne seg eit nyare bygg, seier Aksdal.

– Må vekk på eit eller anna vis

Også eigaren, Tor Hole, seier at måleriet må vekk. Måleriet kom truleg på husveggen i løpet av dei siste vekene.

– Dette kan ikkje stå slik på eit kulturbygg i verdsarvområdet, seier Hole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL