Hopp til innhold

– Må sjå mot Ålesund

Ulstein og Hareid bør sjå mot Ålesund i det vidare arbeidet med kommunereforma, det meiner NHO.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner Ulstein og Hareid bør tenke på å slå seg saman med Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner det er heilt naturleg at Ulstein og Hareid ser mot Ålesund i det vidare arbeidet med kommunereforma.

Hittil har den nordre og den søre delen av Sunnmøre hatt samtaler kvar for seg, men Ulstein og Hareid signaliserer no interesse for å sjå nordover mot Ålesund. Ytreberg oppmodar dei til å ta skrittet fullt ut.

– Eg trur det blir heilt naturleg. Vegen frå Ulsteinvik til Ålesund blir mykje kortare når Hafast kjem på plass, så det meiner eg er fornuftig, seier Ytreberg.

Storkommune på Søre Sunnmøre

Helst hadde ho likt at alle kommunane på Søre Sunnmøre gjekk mot Ålesund.

– Det hadde vore det beste, seier Ytreberg.

Reisetida mellom Ålesund og Ulsteinvik blir mykje kortare dersom det blir bygd ei bru over Storfjorden mellom Sula og Hareid.

– Det vil knyte folk saman og difor bør også kommunane finne saman, meiner NHO direktøren.

Positiv til tre kommunar

Kommunane på Nordre Sunnmøre er i full gong med å greie ut moglegheitene for å slå saman elleve kommunar til ein storkommune. At Ulstein og Hareid henger seg på denne storkommunen er uproblematisk, meiner Ytreberg.

– Dess større denne regionen eller storkommunen blir, dess sterkare blir den. Vi treng eit kraftsenter her på Nordvestlandet, seier ho.

Men reiser du rundt i fjordfylket Møre og Romsdal forstår du raskt at det er ei stor utfordring å teikne nye kommunekart. Kva som blir resultatet av kommunereforma er eit framleis eit ope spørsmål.

NHO har tatt til ordet for å dele Møre og Romsdal inn i berre tre kommunar, noko Ytreberg meiner er realistisk.

– Vi håpar framleis på ei slik ordning, men vi har sagt at det er byane som må vere pådrivarane i dette. Dersom vi får tre store kommunar, så blir det så pass kraft i dei tre regionane at dei kan klare seg sjølv og løyse ein del oppgåver sjølv, seier Ytreberg.

– Men byane må vere pådrivarane, og det vil også omlandet tene på, held ho fram.

storkommune nordre sunnmøre