Ønskjer éin storkommune på Sunnmøre

NHO meiner næringslivet tener på at det blir tenkt stort når avgjerdene om kommunesamanslåing skal takast. Regiondirektør Torill Ytreberg meiner det er realistisk å få til éin stor kommune på Sunnmøre.

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg er regiondirektør i NHO

Foto: Trond Vestre / NRK

Kristin Skogen Lund

Administrerande direktør i NHO, Kristin Skogen Lund, trur det er realistisk å tenkje seg 100 norske kommunar.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Eitt hundre kommunar er målet til NHO-direktør Kristin Skogen Lund. Ho meiner dette må til for å skape robuste bykommar der byar og omland veks saman til bu- og arbeidsregionar. Ytreberg meiner Sunnmøre er eit godt døme på korleis kommunane kan tenke om samanslåing.

– Vi må tenke mange år fram i arbeidet med kommunereforma. Det vi har i dag har vi hatt i 40 år. Og 36 kommunar i Møre og Romsdal er ikkje berekraftig i framtida, seier Ytreberg.

Etterlyser ambisjonar

Ytreberg etterlyser dei store ambisjonane som skal til for å få til gode løysingar for framtida.

– Vi vil jo gjerne ha større grad av sjølvstyre og eit sterkt lokaldemokrati. Ekspertutvalet som har sett på kommunereforma meiner ein kommune bør ha minimum 100 000 innbyggjarar for å kunne løyse dei store oppgåvene, seier ho.

Ytreberg meiner skule, samferdsel, næringsutvikling og innovasjon er oppgåver som best kan løysast i større kommunar.

– Dersom vi ønskjer å ha ansvaret for dette sjølve, og ikkje overlate det til Bergen eller Trondheim, då må vi tenkje stort.

Opnar også for Romsdal og Nordmøre

– Betyr det at Romsdal bør vere ein kommune og Nordmøre ein kommune?

– Ja, vi har tidlegare sagt at vi ønskjer 3–5 kommunar i Møre og Romsdal og vi ser at det kan vere fullt mogleg å få det til. Men vi opnar for at det kan vere ein eller to til.

Ytreberg seier dei meiner større kommunar er viktig for næringsutvikling og framtida for bedrifter i distrikta.

– Betre samhandling gir betre flyt av kompetanse, godsframføring blir enklare og vi greier å å skru oss saman til ein betre arbeidsmarknadsregion.