– Kva er feil med NSB-naturen?

... spør ein reiselivsbloggar som undrar seg over falske framstillingar i ny reklamefilm.

NSB-reklame

Er dette motivet frå Romsdalen? NSB hevdar at det ikkje er det. Det finst uansett inga togstrekning med utsikt mot fjellet Gridsetskolten.

Foto: Skjermdump

«Norge har 4077 km med skinnegang for tog. Veldig, veldig mye av det er langst fantastisk natur. Derfor skjønner jeg ikke at NSBs reklamebyrå er nøydd til å jukse.»

Det skriv bloggaren Odd Roar Lange på i eit innlegg på nettstaden sin.

Lange, som er ein erfaren reiselivsjournalist, kan ikkje fatte og begripe korfor ikkje NSB berre kan formidle kva som faktisk finst langs dei flotte togstrekningane i landet.

Blant anna har regissørane valt å framstille Raumabanen som elektrisk – utan at det er tilfelle, skriv han.

Vidare kikar ein togpassasjer ut mot eit vakkert landskap av fjord og fjell. Det høyrest kanskje ikkje så usannsynleg ut, men heller ikkje det har rot i verkelegheita. Ei liknande utsikt finst i nærleiken av endestasjonen til Raumabanen i Åndalsnes, men ein må køyre dit for å faktisk sjå ho.

– Ein artig vri

Hilde Gråberg Bakke

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke gliser breitt av reklamefilmen til NSB.

Reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Åndalsnes og Romsdal reiselivslag har også merka seg NSB-reklamen. Men ho er utelukkande positiv.

– Eg synest det er ein utruleg morosam reklame. Dei har til og med klart å leggje jernbanen i retning av Molde, ler ho.

– Kva tenkjer du om at det ikkje er ei reell togstrekning som blir vist frå Rauma?

– Det gjer ingenting. Det er ein artig vri, og vi er opne for fleire spektakulære utsikter frå togvindauge og anna i framtida.

Ville ikkje såre nokon

Frå NSB-reklame

Er dette motivet frå Raumabanen? NSB hevdar at det ikkje er det. Toget i bildet er uansett elektrisk, og slike tog går ikkje på Raumabanen.

Foto: Skjermdump

NSB på si side hevdar derimot at reklamefilmen er fri for bilde frå Rauma.

– Dei strekningane ein ser i filmen er ikkje henta frå konkrete strekningar, sjølv om vi veit at det er fleire som tolkar det slik, seier kommunikasjonsrådgjevar Gina Schulz til NRK.

– Men eg ser jo at dei kan likne veldig på nokre strekningar, legg ho til.

– Kva er det som vert vist då?

– Vi ønska å gje det totale bildet som viser at vi har mange fine strekningar. Vi valde å ikkje knyte filmen til ei bestemt strekning, for då ville kanskje nokon blitt litt såra, forklarar kommunikasjonsrådgjevaren.

– Juksa littegranne

Gina Scholz

Kommunikasjonsrådgjevar Gina Schulz i NSB seier dei valde å jukse litt for å unngå å såre nokon.

Foto: NSB

Schulz vedgår dermed at det ikkje er eit heilt korrekt bilde som blir presentert i NSB-reklamen. Det er det også tekniske årsaker til, seier ho.

– Det som er gjort her, er at nok at vi har jukset littegranne. Det er rett og slett fordi det er utfordrande å filme ein slik reklame om vinteren.

Reklamebyrået henta i staden inspirasjon frå ulike strekningar og andre filmar då dei sette saman filmen, forklarar ho.

– Det er også vanskeleg å lage gode bilde frå tog når det ristar slik, så derfor løyste vi det på denne måten.

– Sikkert noko dei hadde liggjande

Til Romsdals Budstikke seier førelesar Trond Blindheim ved Markedshøyskolen at det er heilt greitt å overdrive.

– Om det blir sagt at "dette kan du sjå dersom du tek Raumabanen", då er det ikkje greitt og vert ramma av loven. Men om dei ikkje kjem med ein slik påstand og berre lagar ei stemning, då er det greitt.

Blindheim trur NSB og reklamebyrået valde å jukse litt blant anna for å spare kostnader.

– Det bildet som er lagt inn som utsikt, er sikkert noko dei hadde liggjande frå før eller noko dei har fått billig. Då lønner det seg å berre bruke det, i staden for å bruke hundretusenar på å reise av garde og gjere nye opptak, seier han til avisa.

Siste video/lyd

Øyfolket i Sande på Søre Sunnmøre er i ferd med å miste tolmodet.
Dei fryktar fråflytting frå Kvamsøya, Voksa og Sandsøya. 
Fleire etterlyser eit samband mellom øyane.
Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.