Hopp til innhold

Her skulle det ha vore 77 politikarar i salen

Valforskar meiner det kan vere alvorleg for demokratiet at kommunestyremøte over heile landet no blir avvikla elektronisk.

Bystyre Ålesund, tom sal på koronamøte

TOMT: Berre ordførar, varaordførar og nokre få frå administrasjonen er fysisk til stades på kommunestyremøtet i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Koronakrisa har snudd opp ned på all kontakt mellom lokalpolitikarane i Noreg. Smalltalk, pausediskusjonar og flammande innlegg frå talarstolen er bytta ut med digitale møte, med dei utfordringane det fører med seg.

– Vi er historiske

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund leiar landets største kommunestyre. Torsdag og fredag held dei sitt første digitale møte.

Sakslista er nemleg så lang at dei treng to dagar til møtet, trass i at det for første gang er innført avgrensa taletid for dei 77 representantane.

Vebjørn Krogsæter og Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i salen på Ålesund rådhus - dei 75 andre representantane er med digitalt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kjære kommunestyrerepresentantar. Vi er historiske, opna ordføraren.

Kommunestyret brukar også eit heilt nytt voteringssystem, og eit nytt system for å be om ordet. Ordførar Aurdal gjekk optimistisk til verks, sjølv om ho er klar på at det er krevjande.

– Dette har vi ikkje gjort før, så det klarer vi heilt sikkert, for å sitere ei kjend dame.

Teams-møte med ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og stabssjef økonomi og virksomhetsstyring i Ålesund kommune, Lars Kristen Fylling.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og stabssjef økonomi og virksomhetsstyring i Ålesund kommune, Lars Kristen Fylling på det digitale møtet.

Foto: Skjermdump

– Har rett til å delta

Men alt under første votering om avgrensa taletid, starta problema. Ikkje alle var innlogga på rett måte, og ikkje alle forstod kvifor dei ikkje fekk til å stemme.

Etter ei god stund med venting, fekk dei to siste representantane stemme på e-post til ein av sekretærane.

Bernt Aardal

Bernt Aardal

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

Valforskar Bernt Aardal meiner det er eit demokratisk problem dersom tekniske problem fører til at folk ikkje får stemt eller delta i debatten slik dei gjer i eit vanleg møte.

– Dette er problematisk på to måtar. For det første har du som folkevald politikar ein rett, ikkje berre plikt, til å delta i debattar og vedtak. For det andre kan det vere problematisk dersom det at nokon ikkje får deltatt skyv balansen mellom partigruppene når dei skal gjere viktige vedtak, seier han.

Mange skjermar

Den erfarne politikaren Randi Asbjørnsen har rigga seg til med tre datamaskiner for å klare å henge med på møtet. På den eine har ho møtet, på den andre dei kommunale sakspapira, og den tredje viser budsjettet.

– I tillegg sit eg med mobilen og har kommunikasjon med gruppa mi, slik at vi kan kommunisere under møtet, forklarar ho.

Ho synest ikkje det er ein optimal måte å styre ein kommune på.

– Det er vanskeleg å ikkje ha personleg kontakt. Du forstår lettare kva folk meiner når du ser dei, og det er krevjande å sjonglere mellom alle desse skjermane og alt vi skal trykke på, seier ho.

Randi Asbjørnsen, Ålesundslista

Randi Asbjørnsen frå Ålesundslista med alle skjermane ho treng for å delta i møtet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Positivt

For Kommune-Noreg har den nye digitale kvardagen vore ei svært positiv aha-oppleving, men det byr også på utfordringar, seier KS-leiar Bjørn Arild Gram.

– Det er klart at det blir litt meir tungvint, tar litt lenger tid og det kan hende at det legg ein viss dempar på debatten. Men samtidig har det nok fungert slik at ein føler ein kan ta avgjerder på skikkeleg vis, seier han.

Bjørn Arild Gram, styreleder i KS

Bjørn Arild Gram

Foto: Hege K. Fosser Pedersen, KS

Ordføraren i Drammen, Monica Myrvold Berg, har også hatt sin elddåp som leiar av eit digitalt kommunestyremøte. Rett nok med 20 færre representantar enn i Ålesund, men det var krevjande nok å styre eit digitalt møte med 57 politikarar.

– Vi hadde tolv saker, og visste vel eigentleg på førehand korleis dei ville gå. Likevel tok det fire timar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL